Sangis älv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sangis älv
Sangisälven
elv
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Län Norrbotten
Nedslagsfelt 1 230,0 km²
Lengd 109 km

Sangis älv
65°49′54″ N 23°28′31″ E

Sangis älv (Sangisälven) er ei elv i Norrbotten, som utgjer språkgrensa mot det tornedalsfinske området. Elva renn aust for Överkalix i Överkalix kommun, og er 109 km lang, inklusive kjeldeelva. Største sjøen langs elva er Miekojärvi, og elva passerer byane Kukasjärvi, Lappträsk og Sangis før ho munnar ut i Bottenviken. Nord for Lappträsk heiter elva Kukasjoki, og nord for Miekojärvi Raitajoki.

Det finst fleire fiskeartar og kreps i elva. Oter er òg vanleg, mens bever for det meste er i den største sideelva, Korpikån. Sangis älv har nokre fossefall, men er for det meste roleg, og eigna for kanopadling. Elva ligg i naturrike omgjevnader, med elg, og nokon gonger òg bjørn, langs elvekanten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]