Blodtoppslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sanguisorba)
Hopp til navigering Hopp til søk
Blodtoppslekta
Sanguisorba minor0.jpg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Rosoideae
Slekt: Blodtoppslekta Sanguisorba
L., 1753

Blodtoppslekta (Sanguisorba) er ei planteslekt i rosefamilien. Ho stammar frå tempererte område på den nordlege halvkula.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Sanguisorba tyder ‘blodstillar’. Plantar i slekta har lenge vore kjende for å ha blodstillande eigenskapar.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Plantane i slekta er fleirårige urter eller små buskar. Stilkane kan bli 50–200 cm høge og har klynger av botnstilte blad, med fleire blad plassert enkeltvis oppover stengelen. Blada er 5–30 cm lange med 7-25 bladdelar som alle har tagga sider. Unge bladveks frå krona i senteret av planten. Blomane er små og veks i tette klynger som er 5–20 mm lange. Kvar blom har fire svært små kronblad som kan vera kvite til raude på farge.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Slekta omfattar rundt 30 artar, mellom anna:[2][3]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Mange plantar i slekta blir dyrka som hageplantar. Det er blitt utvikla fleire kultivarar, særleg av blodtopp (S. officinalis). S. canadensis blir dyrka for sine kvite blomar på stilkar som kan bli godt over ein meter lange. Plantane hybridiserer lett med kvarandre, og lagar dermed nye variantar.[4] S. obtusa er prisa for sine grågrøne blad med rosa kantar.[5]

Blodtopp (S. officinalis) er ein gammal medisinplante. Han bblir nytta i asiatisk medisin mot sjukdom i fordøyingssystemet og blødingar.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gledhill, David (2008). The Names of Plants. MCambridge University Press. s. 339. ISBN 9780521866453. 
  2. Sanguisorba. Flora of China.
  3. GRIN Species Records of Sanguisorba. Germplasm Resources Information Network (GRIN).
  4. Sutton, J. (juni 2007). «Sanguisorba in Cultivation». The Plantsman. Royal Horticultural Society. s. 78-83. Arkivert frå originalen 2013-08-28. 
  5. Bourne, V. How to grow: Sanguisorba. The Daily Telegraph 21. september 2002.
  6. Choi J, Kim MY, Cha BC, Yoo ES, Yoon K, Lee J, Rho HS, Kim SY, Cho JY (januar 2012). «ZYM-201 sodium succinate ameliorates streptozotocin-induced hyperlipidemic conditions». Planta Med. 78 (1): 12–7. PMID 21928167. doi:10.1055/s-0031-1280219.