Sankranti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mann og ku pynta til sankranti.
Foto: Kalyan Kumar
Sankranti-retter frå Andhra Pradesh på eit bananblad.

Sankranti, sankranthi eller makara sankranth er ei indisk høgtid som markerer byrjinga av innhaustinga for bønder i Andhra Pradesh, Karnataka og Maharashtra. Høgtida blir feira i midten av januar, den dagen sola går inn i Steinbukken og dermed går mot nord, noko som viser til sommaren sitt kome. Som regel skjer dette den 14. januar.

Denne dagen tek ein på seg nye klede og vitjar tempel for å feira hausten.

I Andhra Pradesh feirar ein høgtida over fire dagar. Dagen før sjølve makara sankranthi kallar ein der bhogi, og samlar då saman gamle, unyttige ting i huset og kastar dei på eit bål. Den tredje dagen av høgtida heiter kanuma. Denne dagen heidrer bønder kyrne sine, som er eit symbol på rikdom. Den fjerde dagen blir kalla mukkanuma. Denne dagen utfører bøndene bøner til element som jord, regn og eld og til landsbygudinner for hausten. I kystområde et ikkje folk kjøt dei tre første dagane av høgtida, men kan gjera det på denne dagen.

I Gujarat er sankranti kjend som uttarayan, og går over to dagar. Høgtida blir feira med drakekamp, der ein held lette drakar i lufta og prøver å kappa av lina til dei andre flyg. Vanlege matretter til denne høgtida er undhiyu, krydra vintergrønsaker og søtsakene chikki av sesamfrø, peanøtter og jaggery.

Liknande høgtider blir feira som lohri av panjabiar og som pongal av tamilar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sankranti