Sankt Jetmund kyrkje
Utsjånad
| Sankt Jetmund kyrkje | |||
| kyrkje | |||
Foto: Atle Råsberg | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Møre | ||
| Prosti | Søre Sunnmøre | ||
| Sokn | Vanylven | ||
| Fellesråd | Vanylven | ||
| Type | Langkyrkje | ||
| Periode | Romansk | ||
| Material | Stein | ||
| Innvigd | 1155/1957 | ||
| • Vigd til | Sankt Jetmund | ||
| Preikestol | Frå 1630 | ||
![]() Sankt Jetmund kyrkje 62°02′24″N 5°31′10″E / 62.04°N 5.51944444°E | |||
| Wikimedia Commons: Sankt Jetmund kirke | |||
Sankt Jetmund kyrkje, Jetmundskyrkja, eller Åheim kyrkje, er ei langkyrkje frå 1155 på Åheim i Vanylven kommune i Møre og Romsdal fylke.
Byggverket er i marmor og stein. Kyrkja vart riven i 1863, men gjenreist og vigsla på ny i 1957. Steinen var spreidd rundt i bygda og hadde vorte nytta i ymse bygg. Han måtte samlast inn att før dei bygde oppatt kyrkja på dei gamle murane som det stod att i ein meters høgd. Dei hadde skisser av kyrkja frå før ho vart riven å gå etter. Arkitektar ved attoppbygginga var Johan Lindstrøm og Cato Engen.
Sankt Jetmund er det norske namnet på den engelske helgenen St. Edmund.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Artikkel om Sankt Jetmund kyrkje på Vanylven kommune si nettside, vitja 18. mai 2009 Arkivert 2013-07-03 ved Archive.is
- Øystein Ekroll: Med kleber og kalk : norsk steinbygging i mellomalderen. Samlaget, Oslo, 1997. ISBN 82-521-4754-2 «Åheim kyrkje» s. 271
- Sankt Jetmund kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Denne kyrkjeartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
