Sannerbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°55′41.740″N 10°45′18.554″E

Sannerbrua fotografert frå sør, altså oppstraums, der gangvegen langsetter Akerselva går under brua.
Sitjeplasser vart laga som ein integrert del av brukara på kvar side.
Nisjane med opningar frå sidebogane ut mot hovudspennet over elva

Sannerbrua er ei vegbru over Akerselva i Oslo som bind saman Sannergata på austsida med Waldemar Thranes gate på vestsida. Brua stod ferdig i 1917, og vart bygd som fylgje av at nordre parten av stroket Grünerløkka vart regulert og utbygd på slutten av 1800-talet. Både brua og Sannergata har namn etter gardsbruket Sanner, som låg om lag der krysset mellom Thorvald Meyers gate, Sannergata og gata Øvrefoss ligg no. Garden Sanner vart rive i 1870-åra.

Hovudspennet i brua vert halde opp av sidestilte bogar i stål under køyrebana. Brukara (landkara) er av granittblokker og utforma som massive bogebruar over kvar sine smale vegar. Sannerbrua var den fyrste av bruene over Akerselva som vart bygd med slikt gangvegsamband på elvebreidda under brua. Undergangen på austsida vert i dag nytta for den gangvegen som no er bygd langsetter Akerselva på strekninga frå Grønland til Maridalsvannet.

Rekkverket over hovudspennet er i smijarn. Brystninga på brua var opphavleg innretta for å gje plass til åtte ljoskandelabrar. I dei kraftige oppmurte pilastrane på kvart av brukara er det baldakinar der det er hogge ut sitjebenker i granitt. Inne i kvart av dei to små kvelva for gangvegane gjennom brukara er det tre nisjar med små opningar ut mot hovudspennet over elva, stengde med kvasse utsmykkingar i smijarn. Etter det som vert sagt, skulle desse smijarnsinnretningane hindre uteliggarar og tiggarar i å slå seg ned her.

Ordføraren i Kristiania, Carl Jeppesen, stod for den høgtidlege opninga av brua med mellom anna å seie at «Akerselven maa bli et smilebaand og ikke en hæslig rynke i hovedstadens ansigt».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sannerbrua