Santa Baby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Framføring av «Santa Baby» i 2010.

«Santa Baby» er ein amerikansk julelåt frå 1953. Songen blei skriven av Joan Javits (niesa til senatoren Jacob K. Javits) og Philip Springer, og først spelt inn av Eartha Kitt. Han er ei humoristisk ønskjeliste til julenissen (Santa Claus) frå ei kvinne som fortel at ho har vore svært snill og ønskjer seg dyre og luksuriøse gåver som pelsverk, pynt frå Tiffany's, ein ring, ein yacht, ein kabriolet, ein sjekk, ein bustad eller tilmed ei platinagruve.

Eartha Kitt[endre | endre wikiteksten]

Eartha Kitt fotografert i 1952.

Eartha Kitt gjorde fleire innspelingar av songen. Den første blei utført med Henri René og hans orkester i New York i juli 1953. Ho blei gjeven ut av RCA Victor Records med katalognummer 20-5502 (i USA)[1] og av EMI på merket His Master's Voice label som katalognummer B 10728. Songen var ein stor hitt for Kitt, som tok han opp att i filmen New Faces frå 1954. I endå ei innspelling for Kapp Records i 1963 brukte ho eit raskare tempo (Madonna si populære innspeling frå 1987 frå velgjerdsalbumet A Very Special Christmas følgjer denne versjonen). Kitt spelte også inn ein oppdatert versjon av songen 1954 med ny tekst og tittelen «This Year's Santa Baby», utan å oppnå kommersiell suksess.

Songen er blitt brukt i filmar som Driving Miss Daisy (1989), Mixed Nuts (1994), Elf (2003) og Boynton Beach Club (2005).

Andre innspelingar[endre | endre wikiteksten]

«Santa Baby» er blitt spelt inn og framført av ei rekkje artistar, mellom anna Sharon Feingold Pink Martini, Maria Muldaur, Everclear, RuPaul, Mariah Carey, Kate Ceberano, Homer & Jethro, Taylor Horn, Raini Rodriguez, Shakira, Madonna, Jhene, Macy Gray, Natalie Merchant, Cynthia Basinet, Faith Evans, Gino Frisella, Boney James, Kylie Minogue, Girls' Generation, Ste van Holm, The Pussycat Dolls, LeAnn Rimes, VersaEmerge, Kellie Pickler, Lynn Anderson, Paloma Faith, Taylor Swift, The Dollyrots, Colbie Caillat, Sugababes, Chris Mitchell, The Swingle Singers, Ariana Grande med Elizabeth Gillies, Halie Loren, Debby Ryan, Trisha Paytas og Melanie Saunders (under artistnamnet Melody).

I desember 2000 nådde Kylie Minogue sin versjon av songen 76. plass på den britiske topplista gjennom nedlastingar. Songen var først blitt gjeven ut som ei b-side til singelen «Please Stay». 23. desember 2010 sleppte Kylie ein musikkvideo for «Santa Baby» på YouTube. Song var også med på julealbumet hennar Kylie Christmas frå 2015. Minogue sin versjon av songen er med i filmen The Holiday frå 2006.

I 2011 spelte Michael Bublé inn ein versjon av songen med noko endra tekst for julealbumet sitt Christmas. Teksten er omforma til å bli sungen av ein mann, med formuleeringar som «Santa buddy» og «Santa pally».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]