Santa Claus Is Back in Town

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Santa Claus Is Back in Town
Song av Elvis Presley
frå albumet Elvis' Christmas Album
Utgjeve 15. oktober 1957
Innspelt 7. september 1957
Sjanger Julemusikk, rock and roll
Lengd 2:25
Selskap RCA Victor
Komponist Jerry Leiber, Mike Stoller
Tekstforfattar Jerry Leiber, Mike Stoller
Låtskrivar(ar) Leiber-Stoller
Produsent Leiber-Stoller

«Santa Claus Is Back in Town» er ein julesong skriven i 1957 av Jerry Leiber og Mike Stoller, og først spelt inn det året av Elvis Presley som opningssporet på Elvis' Christmas Album, det bestseljande julemusikkalbumet i USA gjennom tidene. Songen har blitt ein rock and roll-julestandard.

«Santa Claus Is Back in Town» kom ut med «Santa, Bring My Baby Back to Me» og vart gjeven ut i Storbritannia samtundes som albumet kom ut i 1957. Singelen nådde sjuandeplassen på den britiske singellista i november 1957. RCA gav ut songen på ny i 1985 i lag med «Merry Christmas, Baby». I desember 1980 nådde songen 41. plassen på den britiske singellista.[1]

«Santa Claus Is Back in Town» kom ut i lag med «Blue Christmas» og vart gjeven ut av RCA Victor på singel i 1965 i USA, og nådde då fjerdeplassen på julemusikklista til Billboard. «Blue Christmas»/«Santa Claus is Back in Town» selde til platinaplate hos RIAA i 1999.[2]

Album[endre | endre wikiteksten]

Songen kom ut på den originale plata Elvis' Christmas Album og dei seinare nyutgjevingane av denne plata. Songen finst òg på samlealbumet Memories of Christmas frå 1984, If Every Day Was Like Christmas frå 1994, Christmas Peace frå 2003 og Elvis Christmas frå 2006. Songen finst òg på Elvis Presley-albumet Christmas Duets i ein duett med Wynonna Judd i 2008.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

«Santa Claus Is Back In Town» vart spelt inn 7. september 1957 i Radio Recorders i Hollywood i California. Musikarane på innspelinga var:

The Jordanaires var Gordon Stoker, Neal Matthews jr., Hoyt Hawkins og Hugh Jarrett.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Mange artistar har spelt inn songen. Dwight Yoakam spelte inn songen i 1997 på julemusikkalbumet Come On Christmas og gav han ut på singel. Singelen nådde 60. plassen på Billboard Hot Country Songs-lista.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Elvis Presley nådde Topp 10 i Storbritannia og Topp 5 på Billboard Christmas Singles-lista. Singelen selde til platina hos RIAA i USA.

Liste (1957) Plassering
UK Singles Chart 7
Liste (1965) Plassering
U.S. Billboard Christmas Singles 4
År Singel Plassering
UK Singles Chart
1980 «Santa Claus Is Back in Town» 41

Dwight Yoakam-versjonen[endre | endre wikiteksten]

År Singel Plassering
US Country
1997 «Santa Claus Is Back in Town» 60

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Santa Claus Is Back in Town» frå Wikipedia på engelsk, den 3. oktober 2016.
  • Guralnick, Peter. The King of Rock 'n' Roll: The Complete 50's Masters, insert booklet. RCA 66050-2, 1992.
  • Guralnick, Peter. From Nashville to Memphis: The Essential '60s Masters, insert booklet. RCA 66160-2, 1993.
  • Guralnick, Peter (1994). Last Train to Memphis: The Rise of Elvis Presley. Little Brown GBR. ISBN 978-0-316-91020-0.
  • Hopkins, Jerry (1971). Elvis: A Biography. ISBN 978-0-671-20973-5.
  • Wolfe, Charles. Elvis Presley: If Every Day Was Like Christmas, liner notes. BMG Australia Limited, 7863664822, 1994.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]