Santa Claus Is Coming to Town

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Santa Claus is coming to town» under eit juleopptog i Morehead City i Nord-Carolina i 2011.

«Santa Claus Is Comin' to Town»[1] er ein amerikansk julesong frå 1934. Han vart skriven av John Frederick Coots og Haven Gillespie og først sungen på radioshowet til Eddie Cantor i november 1934. Han vart raskt ein stor hit og det vart bestilt over 100 000 kopiar av noteark og meir enn 30 000 plater dei første 24 timane.[2][3]

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegare kjende innspelinga av songen var av banjospelaren Harry Reser og bandet hans den 24. oktober 1934 (Decca 264A) med Tom Stacks på vokal. Denne versjonen gjekk inn på Variety-listene i desember 1934. Songen var ein stor hit for noteark og nådde toppen av salslista. Songen vart òg spelt inn 26. september 1935, av Tommy Dorsey & His Orchestra.[treng kjelde]

Songen er ein tradisjonell standard kring juletid, og har blitt spelt inn av mange andre artistar. Den første større hitversjonen av songen var av Perry Como i 1951, og i 1963 nådde versjonen til Four Seasons 23. plassen på Billboard-lista.[4] I 1970 produserte Rankin-Bass ein times lang animasjon fjernsynsepisode basert på songen, med Fred Astaire som forteljar. Mange moderne artistar har spelt versjonar av songen, som rockeversjon av Bruce Springsteen & The E Street Band. Songen vart spelt inn i 1975 og gjeve ut i 1982 for Sesame Street-samlealbumet In Harmony 2 og igjen i 1985 som B-sida til «My Hometown» frå albumet Born in the U.S.A..[5] Luis Miguel spelte inn songen på spansk som «Santa Claus Llegó a La Ciudad» for julealbumet hans Navidades (2006).[6] Versjonen hans nådde 26. plassen på Billboard Latin Pop Songs-lista.[7]

Andre kjende versjonar av songen er gjort av Bing Crosby og Andrews Sisters (1943), Frank Sinatra (1948), Ray Conniff Singers (1959), Alvin and the Chipmunks (1961), The Crystals (1963), The Beach Boys (1964), Lou Rawls (1967), The Jackson 5 (1970),[8] The Carpenters (1978), The Pointer Sisters (1987), Neil Diamond (1992), Björn Again (1992), Mariah Carey på albumet Merry Christmas (1994),[9] George Strait (1996), Cartoons (1998), The Supremes (1999), Faith Hill (2008), Miley Cyrus (2008), Andrea Bocelli (2009), Wilson Phillips på albumet Christmas in Harmony (2010), Love Händel frå Phineas and Ferb (2010), Justin Bieber (2011), Cimorelli (2011), Michael Bublé (2011), Mark Salling og Cory MonteithGlee (2011), Colbie Caillat (2012),[10] Rod Stewart på albumet Merry Christmas, Baby (2012), Richard Marx med Sara Niemietz (2012)[11][12] Tamar Braxton (2013), Dannii Minogue (2013)[13][14] og Pentatonix (2014).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Santa Claus Is Coming to Town Composed by Haven Gillespie / J. Fred Coots». AllMusic. Henta 7. november 2015. 
  2. Stories Behind the Greatest Hits of Christmas. Henta 7. november 2015. 
  3. Collins, Ace (5. oktober 2010). «4 Santa Claus Is Coming to Town». Stories Behind the Greatest Hits of Christmas. Zondervan. s. 224. ISBN 0310327954. Henta 7. november 2015. 
  4. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits: Eighth Edition. Record Research. s. 237. 
  5. «The Greatest Rock Roll Christmas Songs Pictures - Bruce Springsteen, 'Santa Claus Is Coming To Town'». Rolling Stone. 19. desember 2007. Henta 17. oktober 2015. 
  6. «Navidades - Luis Miguel: Overview». AllMusic / Rovi. Henta 17. oktober 2015. 
  7. «Navidades - Luis Miguel: Awards». AllMusic / Rovi. Henta 17. oktober 2015. 
  8. Chery, Carl: XXL: Michael Jackson Special Collectors Edition, page 99. American Press.
  9. Trust, Gary (2. april 2013). «Ask Billboard: Belinda's Back, JT Too, Mariah Carey's Album Sales & More». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 17. oktober 2015. 
  10. Colbie Caillat Christmas In the Sand album on allmusic.com
  11. «Richard Marx and Sara Niemietz - Santa Claus Is Coming to Town». Richard Marx YouTube Channel. 7. november 2015. Henta 7. november 2015. 
  12. Erlewine, Stephen Thomas (7. november 2015). «Richard Marx Christmas Spirit». All Music. Henta 7. november 2015. 
  13. VideoYouTube
  14. Copsey, Robert. «Dannii Minogue, Ronan Keating Unveil Christmas Duet - Listen». www.digitalspy.co.uk. DigitalSpy. Henta 28. januar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]