Hopp til innhald

Santa Cruz-departementet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Santa Cruz-departementet
departement
Flagg
Symbol
Land  Bolivia
Hovudstad Santa Cruz de la Sierra
Areal 370 621,0 km²
Folketal 3 122 605 (2024)[1]
Kart
Santa Cruz-departementet
17°20′00″S 61°30′00″W / 17.33333333°S 61.5°W / -17.33333333; -61.5
Wikimedia Commons: Santa Cruz Department, Bolivia

Santa Cruz-departementet er det største av dei ni departementa i Bolivia og utgjer om lag ein tredel (33,74 %) av arealet i landet. Med eit areal på 370 621 km² er departementet større enn til dømes Tyskland. Santa Cruz ligg aust i Bolivia og grensar i nord og aust til Brasil og i sør til Paraguay.

Ved folketeljinga i 2024 hadde departementet om lag 3,1 millionar innbyggjarar, noko som gjer det til det mest folkerike departementet i Bolivia. Hovudstaden er Santa Cruz de la Sierra.

Departementet Santa Cruz er det største av dei bolivianske departementa og omfattar eit vidstrekt og variert landskap. I vest ligg ei rekkje tempererte subandinske fjellområde og dalar. I nord og sør ligg to ulike låglandsområde: Beni i nord og Chaco i sør. I nordaust ligg dei flate områda Llanos Chiquitanos, og lenger aust Serranías Chiquitanas. Lengst aust omfattar departementet mindre delar av det store våtmarksområdet Pantanal.

Elvane i Santa Cruz høyrer til to store nedbørfelt: Amazonasbekkenet i nord og Río de la Plata-bekkenet i sør.

Dei viktigaste elvane i det nordlege nedbørfeltet er Iténez, som dannar grensa mot Brasil, Río Grande, Piraí og Itonomas. I det sørlege nedbørsfeltet er elva Paraguay den viktigaste elva, saman med sideelvane hennar.

Dei første busetjarane i Santa Cruz var i hovudsak spanjolar som følgde Ñuflo de Chávez, saman med guaraniar. Det kom òg flamlendarar, portugisarar, tyskarar og italienarar som arbeidde for den spanske krona. Blant dei første busetjarane var også sefardiske jødar som nyleg hadde konvertert til kristendommen og som hadde vorte forfølgde av inkvisisjonen i Spania.[treng kjelde]

Santa Cruz har ei samansett befolkning med ulik kulturell og etnisk bakgrunn. Om lag 57 % er mestisar med både urfolksbakgrunn frå Amazonas-området og europeisk opphav. Om lag 30 % er urfolk, mellom anna chiquitano, chané og ayoreo, i tillegg til quechuaer og aymaraer som har flytta inn frå andre departement. Dei resterande 13 % er kvite med europeisk opphav. Om lag ein tredel av denne gruppa er såkalla «russiske» mennonittar, som har tysk tradisjon, språk og opphav.

Santa Cruz de la Sierra ligg 416 moh. og har eit varmt og tropisk klima det meste av året. Vintrane er korte og varer berre to til tre månader, men temperaturen kan brått falle kraftig. Såkalla surazoar, sørlege vindar som kjem inn frå Argentina, kan føre til temperaturfall på opptil 30 °C i løpet av ei natt. Den sterke kulda varer vanlegvis berre nokre få dagar om gongen, og Santa Cruz har elles eit behageleg subtropisk klima det meste av året.

Klimaet i departementet varierer med landskapet. I dei vestlege fjellområda er klimaet temperert til kjølig, medan det blir varmt til heitt og fuktig når ein kjem ned mot dei vidstrekte slettene.

Departementet Santa Cruz er jamleg råka av omfattande skogbrannar, nokre blir starta av jordeigarar som brenner skog for å rydde land til nytt jordbruksareal. Braannane utset det rike biologiske mangfaldet i området for eit stort press.

Gruvedrift

[endre | endre wikiteksten]

Departementet huser El Mutún, som har ein av dei største kjende jernmalmførekomstane i verda, etter Carajás i Brasil. Området har òg store førekomstar av magnesium.

  1. ↑ Instituto Nacional de Estadística (2025), Tabulados por Municipio/TIOC: Población (på spansk), Wikidata Q139668018, henta 10. mai 2026

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Santa Cruz-departementet