Santa Cruz-provinsen i Argentina
Santa Cruz-provinsen | |||
provins | |||
|
|||
Land | Argentina | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Rio Gallegos | ||
Areal | 243 943 km² | ||
Folketal | 337 226 (2022)[1] | ||
Santa Cruz-provinsen i Argentina 48°49′26″S 69°48′54″W / 48.823888888889°S 69.815°W | |||
Wikimedia Commons: Santa Cruz Province |
Santa Cruz (spansk uttale [ˈsanta ˈkɾus], «Den heilage krossen») er ein provins i det sørlege Argentina, i Patagonia. Han grensar direkte til ein provins, til Chubut i nord. Han grensar til to chilenske regionar, Aysén og Magellanes i vest og sør. Santa Cruz har er lang kystlinje mot Atlanterhavet i aust. Han er Argentinas nest største provins etter Buenos Aires-provinsen, men har lågast befolkingstettleik på fastlandet.
Urfolket i provinsen, tehuelchen-folket, heldt sjølvstendet sitt fram til slutten av 1800-talet trass i europeisk utforsking sidan 1500-talet. Etter «Erobringa til ørkenen» på 1870-talet vart området organisert som territoriet Santa Cruz, oppkalla etter sin første hovudstad Puerto Santa Cruz. Hovudstaden vart flytta til byen Rio Gallegos i 1888, der han framleis ligg. Provinsen fekk mange europeiske innvandrarar i samband med eit gullrushet på slutten av 1800-talet, og vart ein argentinsk provins frå 1957.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Santa Cruz blir delt inn i to hovudområde: Andesfjella i vest og platåa i midten og aust. I Andesfjella finst mange innsjøar som Argentino-sjøen (1560 km²). Her finst også Det sørlege patagoniske isfeltet som dekkjer sentral del av Andes. Frå midten til Atlanterhavskysten er landskapet dominert av trappeforma basaltplatå, der dei eldste ligg høgare enn dei yngre. Laguna del Carbón i Gran Bajo de San Julián ligg 105 meter under havnivå og er den lågaste punkten i den vestlege og sørlege halvkula. Kysten er prega av klippar.[2]
Klima
[endre | endre wikiteksten]Andesfjella blokkerer fuktige vêrfrontar, så mesteparten av nedbøren fell på vestsida av fjella og minkar raskt austover. Den vestlege delen blir påverka av Stillehavet og har meir nedbør, medan resten av provinsen er tørr. Vinden frå vest er sterk, noko som aukar fordamping. Sør i provinsen er temperaturen generelt lågare enn i nord.[3]
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Santa Cruz har ein liten folkesetnad, men rike naturressursar og ein av Argentinas mest velståande økonomiar. I 2006 var BNP anslått til 3,3 milliardar USD, og i 2011 hadde provinsen den høgaste BNP-en i landet per innbyggjar, på 36 550 USD. Økonomien er lite diversifisert, der omtrent halvparten av verdiskapinga kjem frå utvinning av petroleum, naturgass og mineral. Gullgruvedrifta ved Cerro Negro har bidrege til befolkningsvekst og støtte til utdanning.[4] Kolproduksjonen ved Río Turbio er Argentinas einaste aktive kolgruve.
Sauehald er også viktig med 7 millionar dyr, som gjer provinsen til ein av dei største produsentane av ull og kjøtt. Fiske frå havet, mellom anna reker, blekksprut og torsk, blir omarbeidd i hamnene i Puerto Deseado, Puerto San Julián, Puerto Santa Cruz og Río Gallegos for eksport. Jordbruk er lite utvikla på grunn av det tørre klimaet, og tømmerindustrien er avgrensa, der lengabøk er mest brukt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Santa Cruz Province, Argentina» frå Wikipedia på engelsk, den 5. november 2024
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://censo.gob.ar/wp-content/uploads/2023/11/CNPHV2022_RD_Indicadores-demogrA%C2%A1ficos.pdf; vitjingsdato: 28. juli 2024.
- ↑ «Fisonomía Provincial: Relieve e Hidrografía» (på spansk). Gobierno de la Provincia de Santa Cruz. Arkivert frå originalen 22. september 2014. Henta 5. november 2024.
- ↑ «Provincia de Santa Cruz–Clima Y Metéorologia» (på spansk). Secretaria de Mineria de la Nacion (Argentina). Arkivert frå originalen 1. april 2015. Henta 5. november 2024.
- ↑ «Gold Corp. Cerro Negro - Environment Stewarship» (PDF). goldcorp.com. 2014. Henta 5. november 2024.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Maren Goldberg. «Santa Cruz - province, Argentina» (på engelsk). Encyclopædia Britannica, Inc.