Santa Fe-provinsen
Santa Fe-provinsen | |||
provins | |||
|
|||
Land | Argentina | ||
---|---|---|---|
Del av | South America Midwest Integrated Zone | ||
Hovudstad | Santa Fe | ||
Areal | 133 007 km² | ||
Folketal | 3 544 908 (2022)[1] | ||
Santa Fe-provinsen 33°43′22″S 62°14′46″W / 33.722777777778°S 62.246111111111°W | |||
Wikimedia Commons: Santa Fe Province |
Santa Fe (spansk uttale [ˈsanta ˈfe], bokstaveleg «heilag tru») er ein provins i det austlege, sentrale Argentina. Naboprovinsane er i rekkjefølgje frå nord Chaco, Corrientes, Entre Ríos, provinsen Buenos Aires, Córdoba og Santiago del Estero. Provinsen Santa Fe er ein del av Región Centro.
Santa Fe er ein av dei mest folkerike provinsane i landet. Hovudstaden er byen Santa Fe med 520 000 innbyggjarar. Den største byen i provinsen er Rosario i sør, med 1,35 millionar innbyggjarar per 2022.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Provinsen består av eit nær flatt landområde, i gjennomsnitt 53 meter over havnivå, der elvane er veleigna for skipsfart. Den fruktbare sørdelen av provinsen tilhøyrer den fuktige Pampa-regionen, med variert landbruk og husdyrhald. Den nordlege delen tilhøyrer derimot den subtropiske Chaco-sletta og er tynt folkesette. Provinsen har ingen større høgder.
Klimaet varierer frå temperert til subtropisk, med varme somrar (23–27 °C) og milde vintrar (9–15 °C). Årleg nedbør varierer frå 800 mm i sørvest til 1200 mm i nordaust, med mykje meir nedbør om sommaren enn om vinteren.
Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]Provinsen Santa Fe fekk den nest største innvandringa frå Europa mellom 1880 og 1920, berre Buenos Aires tok imot fleire innvandrarar. Mange innvandrarar busette seg i dei to store byane Rosario og Santa Fe. I provinssentrumet oppstod også fleire såkalla colonias, landbrukssamfunn prega av ei etnisk homogen befolkning, hovudsakleg italienarar, sveitserar og tyskarar. Mange av desse koloniane har seinare utvikla seg til byar.
Andelen mestisar i Santa Fe er, som i Buenos Aires-provinsen, relativt låg på grunn av denne innvandringa. Likevel aukar andelen mestisar i dag gjennom intern migrasjon, særleg til byane Rosario og Santa Fe. I nord finst ei lita folkesetnad av urfolk, spesielt frå tobafolket.
Større byar
[endre | endre wikiteksten]- Rosario er ein hamne- og industriby, kulturhovudstad i provinsen og Argentinas tredje største by (1,35 millionar innbyggjarar)
- Santa Fe er hovudstaden i provinsen, hovudsakleg eit administrativt sentrum, men også industriby (520 000 innbyggjarar)
- Rafaela i departementet Castellanos er ein tidlegare landbrukskoloni (191 000 innbyggjarar i departementet)
- Venado Tuerto i General López er største byen i sørvestlege del av provinsen (202 000 innbyggjarar i departementet)
- Reconquista i departementet General Obligado, største byen nord i provinsen, snaut 200 000 innbyggjarar i departementet
Alle folketal etter folketeljinga i 2022.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Dei opphavlege etniske gruppene som budde i regionen, var tobas, timbú, mocoví, pilagá, guaycurú og guaraní. Dei var nomadar og levde av jakt, fiske og sanking.
Den første europeiske busetjinga vart etablert av spanjolane i 1527 ved samløpet av elvane Paraná og Carcaraná, då Sebastiano Caboto på reisa si nordover grunnla eit fort kalla Sancti Spiritu, som to år seinare vart øydelagde av urfolk.
I 1573 grunnla Juan de Garay byen Santa Fe i nærleiken av dagens Cayastá, men byen vart flytta til den noverande plasseringa si i 1651 og 1660.
Under den argentinske frigjeringskrigen i 1812 laga advokaten og generalen Manuel Belgrano det argentinske flagget og heiste det for første gong ved Paranáelva i Rosario.
Santa Fe har vore ein offisiell selvstyrt provins og del av dagens føderale Argentina sidan 1816.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Rosario er det økonomiske sentrumet og ei viktig eksporthamn, og byen har også ein stor industrisektor (særleg bil- og tungindustri). I Rosario ligg Argentinas viktigaste kornbørs, der prisane er referanse for heile landet. Ei anna viktig hamn er hovudstaden Santa Fe, medan hamnebyen Reconquista i nord har mista verdet si, men framleis er viktig for industri og landbruk.
Landbruket er omfattande i heile provinsen, med kornproduksjon og storfehald som dominerer i sør, medan bomull og tobakk blir dyrka i nord. Skogbruk er også viktig i nord.
På 1980- og 1990-talet vart elva Paraná mellom Santa Fe og Rosario mudra til den såkalla Hidrovía, slik at mindre havgåande skip kan navigere på denne strekninga. Frå Rosario kan større skip også navigere elva.
Transport
[endre | endre wikiteksten]Dei mest trafikkerte hovudvegane i provinsen inkluderer den hovudsakleg motorvegliknande Ruta Nacional 9 frå søraust til vest, til Córdoba, San Miguel de Tucumán og San Salvador de Jujuy), og dessutan Ruta Nacional 34 til Salvador Mazza ved grensa tilBolivia i Saltaprovinsen, og Ruta Nacional 11 til byen Clorinda i Formosaprovinsen som forgreinar seg frå denne i Rosario. Motorvegen A029 knyter saman Rosario og Santa Fe parallelt med Ruta 11. Ruta Nacional 19 knyter Santa Fe direkte til Córdoba og er ein del av eit planlagt raskt samband som når ferdig vil gje ei rute frå Chile til Brasil gjennom argentinsk territorium.
Det er også fleire flyplassar i provinsen, noko som gir nasjonal og internasjonal tilknyting. Det viktigaste knutepunktet er Rosario flyplass, og andre viktige flyplassar er i Reconquista og Santa Fe.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Provinz Santa Fe» frå Wikipedia på tysk, den 10. november 2024
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://censo.gob.ar/wp-content/uploads/2023/11/CNPHV2022_RD_Indicadores-demogrA%C2%A1ficos.pdf; vitjingsdato: 28. juli 2024.
- ↑ «Argentina: Administrative Division - Provinces, Departments and Partidos» (på engelsk). Henta 10. november 2024.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Maren Goldberg. «Santa Fe - province, Argentina» (på engelsk). Encyclopædia Britannica, Inc.