Hopp til innhald

Luciasongen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Santa Lucia)
Trekkspelar og luciautkledde kvinner tidleg på 1900-talet i Hagfors kommune i Sverige.
Foto: Samuel Hedqvist

Luciasongen eller «Santa Lucia» er ein song som ein syng på luciadagen 13. desember.

Originalsongen

[endre | endre wikiteksten]

«Santa Lucia» er ein tradisjonell napolitansk song. Han vart transkribert av Teodoro Cottrau (1827–1879) til italiensk og publisert av Cottrau, som ein «barcarolla» i Napoli i 1849. Cottrau omsette songen frå napolitansk til italiensk under den første tida av Risorgimento, den første napolitanske songen som fekk italiensk tekst. Cottrau vert ofte omtalt som komponisten av songen, og var son av den fransk-italienske komponisten og songsamlaren Guillaume Louis Cottrau (1797–1847). Forskjellige kjelder tilskriv musikken til A. Longo i 1835.

Den originale teksten til «Santa Lucia» hyllar den vakre sjøsida i bydelen Borgo Santa Lucia ved Napolibukta ein båteigar inviterer ein til å kome til båten hans for å nyte den kjølige kvelden.

I USA vart ei tidleg utgåve av songen, med engelsk omsetjing av Thomas Oliphant, publisert av M. McCaffrey i Baltimore. Den kanskje mest definitive versjonen av songen på 1900-talet vart spelt inn av Enrico Caruso, ein av dei største napolitanske operasongarane.

Songen vart spelt inn av Elvis Presley i 1965 på albumet Elvis for Everyone og finst i filmen Viva Las Vegas.

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]

I 1919 kom den første svenske teksten til denne melodien, Sigrid Elmblad sin «Sankta Lucia, ljusklara hägring». Men det er teksten frå 1928 som har vorte mest kjend, nemleg Arvid Rosén sin «Natten går tunga fjät». Denne er også omsett til norsk som «Svart senker natten seg».

Ei nyare svensk omsetjing frå 1970-talet, «Ute är mörkt ock kallt», blir gjerne brukt i svenske barnehagar på grunn av ein enklare og meir moderne tekst. Ein tredje svensk versjon heiter «Sankta Lucia, ljusklara hägring»

I Tsjekkia (eller tidlegare Tsjekkoslovakia) vart han kjend med teksten «Krásná je Neapol» sungen av Waldemar Matuška.

I Austerrike er han kjend under tittelen «Wenn sich der Abend mild» og vert sungen av austerrikske brorskap.

I Thailand er den thaispråklege versjonen «Silpakorn Niyom» (ศิลปากรนิยม), hymnen til Silpakorn universitet. Grunnleggjaren av universitetet, Silpa Bhirasri, var italiensk.

Innspelingar

[endre | endre wikiteksten]

Instrumentale versjonar

[endre | endre wikiteksten]

Ein engelsk versjon heiter «Little Lonely One» og er skriven av Bob Brass og Irwin Levine. Denne er framført av:

Ein annan engelsk versjon heiter «Always and Ever» og er skriven av Ralph Ruvin. Denne vart framført av:

Ein engelsk tekst kalla «Santa Lucia (Maria and Me)» vart skriven og framført av Jerry Vale i 1963. Anette Funicello framførte i 1960 ein engelsk tekst til melodien til «Santa Lucia» kalla «Love Me Forever».

  • «Schön glänzt das Mondenlicht», framført av Herbert Ernst Groh i 1940. Teksten kan ha vore skriven av Alfred Kunzt.
  • «Morgen bist du alle Sorgen los», skriven av Hans Bradtke. Denne vart framført av Die James Brothers i juni 1961.
  • «Santa Lucia Twist», skriven av Wolfgang Brandenstein og spelt inn av Britt Kersten i 1964.
  • «Santa Lucia», framført av Mireille Mathieu i 1975 og skriven av Christian Bruhn og Georg Buschor.
  • «Santa Lucia», framført av Benny Maro og skriven av Edi Mause og Günter Sonnenborn i 1975.
  • «Santa Lucia», framført av den tyske sopranguten Harald Martin i 1986.
  • «Santa Lucia», framført av Festival i 1992, skriven av Norbert Hammerschmidt, Peter Columbus og Oliver Kels.
  • «Santa Lucia», framført av Die Flippers i 1996 og skriven av Bernd Hengst, Manfred Durban, Olaf Malolepski og Uwe Busse.
  • «Santa Lucia», framført av Jantje Smit, og skriven av Jan Keizer, Jack Veerman og Jan Tuijp.

Andre språk

[endre | endre wikiteksten]
  • Ein fransk versjon skriven av P. Bernard vart framført av Tony Poncet i 1958. Denne vart òg kalla «Santa Lucia».
  • Ein annan italiensk versjon heiter «Non esser timida» skriven av Miki Del Prete. Denne vart framført av Adriano Celentano i august 1961.
  • Ein tsjekkisk versjon vart skriven av Robert Pronk og spelt inn av Karel Gott i 1966.

Rosén sin tekst frå 1928

[endre | endre wikiteksten]

(Første verset)

Natten går tunga fjät, runt gård och stuva.
Kring jord som sol’n förgät, skuggorna ruva.
Då i vårt mörka hus, stiger med tända ljus,
Sankta Lucia, Sankta Lucia.

Nynorskomsetting ved Ingvar Moe

[endre | endre wikiteksten]
Natta har svart og stor
gøymt stall og stover.
Sola har gått sin veg.
Dagen er over.
/:Inn i vårt mørke hus,
stig no med kveikte lys,
Santa Lucia, Santa Lucia.:/


Bokmåltekst (opphavsperson ukjend)

[endre | endre wikiteksten]
Svart senker natten seg
I stall og stue
Solen har gått sin vei,
Skyggene truer
/:Inn i vårt mørke hus
Stiger med tente lys,
Santa Lucia, Santa Lucia. :/
Lucia-feiring i Santa Lucia-bydelen i Napoli. Måleri av Oswald Achenbach frå 1875.

Italiensk tekst

[endre | endre wikiteksten]
Sul mare luccica l’astro d’argento.
Placida è l’onda, prospero è il vento.
Sul mare luccica l’astro d’argento.
Placida è l’onda, prospero è il vento.
Venite all’agile barchetta mia,
Santa Lucia! Santa Lucia!
Venite all’agile barchetta mia,
Santa Lucia! Santa Lucia!
Con questo zeffiro, così soave,
Oh, com’è bello star sulla nave!
Con questo zeffiro, così soave,
Oh, com’è bello star sulla nave!
Su passegieri, venite via!
Santa Lucia! Santa Lucia!
Su passegieri, venite via!
Santa Lucia! Santa Lucia!
In fra le tende, bandir la cena
In una sera così serena,
In fra le tende, bandir la cena
In una sera così serena,
Chi non dimanda, chi non desia.
Santa Lucia! Santa Lucia!
Chi non dimanda, chi non desia.
Santa Lucia! Santa Lucia!
Mare sì placida, vento sì caro,
Scordar fa i triboli al marinaro,
Mare sì placida, vento sì caro,
Scordar fa i triboli al marinaro,
E va gridando con allegria,
Santa Lucia! Santa Lucia!
E va gridando con allegria,
Santa Lucia! Santa Lucia!
O dolce Napoli, o suol beato,
Ove sorridere volle il creato,
O dolce Napoli, o suol beato,
Ove sorridere volle il creato,
Tu sei l'impero dell’armonia,
Santa Lucia! Santa Lucia!
Tu sei l'impero dell’armonia,
Santa Lucia! Santa Lucia!
Or che tardate? Bella è la sera.
Spira un’auretta fresca e leggiera.
Or che tardate? Bella è la sera.
Spira un’auretta fresca e leggiera.
Venite all’agile barchetta mia,
Santa Lucia! Santa Lucia!
Venite all’agile barchetta mia,
Santa Lucia! Santa Lucia!

Napolitansk tekst

[endre | endre wikiteksten]

Comme se frícceca
la luna chiena!
lo mare ride,
ll'aria è serena...
È pronta e lesta
la varca mia...
Santa Lucia,
Santa Lucia!

Stu viento frisco
fa risciatare:
chi vo' spassarse
jenno pe' mmare?
Vuje che facite
'mmiezo a la via?
Santa Lucia,
Santa Lucia!

La tènna è posta
pe' fa' 'na cena;
e quanno stace
la panza chiena
non c'è la mínema
melanconia.
Santa Lucia,
Santa Lucia!