Hopp til innhald

Santa María de Óvila

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Santa María de Óvila

StadGuadalajara i Castilla-La Mancha
Opna1213 (vigsla)
Stilgotisk arkitektur
Kart
Santa María de Óvila
40°42′03″N 2°33′26″W / 40.70083333°N 2.55722222°W / 40.70083333; -2.55722222

Santa María de Óvila er eit tidlegare cisterciensar-kloster som blei bygd i Spania frå 1181 ved Tagus-elva nær Trillo i Guadalajara, rundt 140 km nordaust for Madrid. I dei neste fire hundreåra, under velstandstider, blei det vesle klosteret utvida og forbetra gjennom fleire ulike byggeprosjekt. Velstanden gjekk markant tilbake på 1800-talet, og i 1835 blei klosteret konfiskert av dei spanske styresmaktene og selt til private eigarar som brukte bygningane til vern for buskap.

Den amerikanske forleggjaren William Randolph Hearst kjøpte delar av klosteret i 1931 med tanke på å bruke steinane til å byggja eit stort og fantasifullt slott i Wyntoon i California, men etter at rundt 10 000 steinar var fjerna og sende, blei dei liggjande forlatne i San Francisco i tiår. Steinane er no på ulike stader rundt om i California: den gamle kyrkjeportalen blei reist ved University of San Francisco, og kapittelhuset blei sett saman att av trappistar ved Abbey of New Clairvaux i Vina. Andre steinar er nytta som enkle dekorative element i den botaniske hagen i Golden Gate Park. For å støtta arbeidet med å gjenreisa kapittelhuset blei det laga ei linje belgisk øl ved Sierra Nevada Brewing Company under merket Ovila Abbey.

Dei nye styresmaktene i Spania under den andre republikken erklærte klosteret som eit nasjonalt monument i juni 1931, men ikkje tidsnok til å hindra at mange steinar blei fjerna. I dag står bygningane og murane som er att på privat jordbruksmark.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Grunnlegging[endre | endre wikiteksten]

Klosteret Santa María de Óvila blei grunnlagt i 1175 då kong Alfonso VIII av Castilla gav land til cisterciensarmunkar frå Valbuena-klosteret i Valbuena de Duero i Valladolid i Castilla y León. I dette arbeidet følgde kongen eim generell strategi for å etablere katolske institusjonar på land han hadde vunne frå maurarar i Iberia.[1] Dei cistercianske «kvite munkane» (namnet viser til at dei nytta ufarga klede) valde fyrst ein stad i Murel (no kalla Carrascosa de Tajo) ved Tagus, men etter nokre år måtte dei flytta til eit meir fruktbart område nokre kilometer nærare Trillo i Guadalajara, der ein flat åstopp ved elva gav noko utsyn.[2][3]

Bygginga av klosteret byrja i 1181. Klosterbygningane og kyrkja blei bygde over dei neste tretti tiåra. Den sentrale krossgangen hadde kyrkjebygningen i nord, vest av eit stort kyrkjeskip med tønnekvelv i vest, sakristi, prioricelle og kapittelhus i aust og kjøkkenet, spiskammeret og mathallen (etesalen) i sør.[4][5] Nokre av bygningane fekk sju fot tjukke (2 meter) veggar med skyteskår, for å tena som tilfluktsstader i tilfelle maurarane kom tilbake til området.[5] Kyrkja var bygd i form av ein latinsk kross med eit skip delt i fire seksjonar, og ein heilagdom med tre kvadratiske apsisar.[6]

I 1191 stadfesta kongen at klosteret og landområda rundt det tilhøyrde cisterciensarordenen.[7] Den gamle abbeden i Santa María de Huerta, biskop Martín de Finojosa (seinare heilagkåra), innvigde kyrkja i september 1213 og døydde få dagar seinare.[8] Området rundt Murel og Trillo langs Tagus blomstra, og gav tiande og land som gåver til klosteret.[6] Cartulario de Óvila, oppteikningar kring skipinga og gåver til klosteret, er i dag bevart ved Universitetet i Madrid.[9][10]

Dei fyrste bygningane blei fullførte i gotisk stil, inkludert kyrkja. Refektoriumet (etesalen) viser ein arkitektonisk stil som er i overgang mellom tidlegare romansk og nyare gotisk.[5] Eit fint høggotisk kapittelhus blei bygd av kalkstein av høg kvalitet. Kyrkja blei bygd om før 1650 i seingotisk stil med eit framståande kvelva tak.[8] Klosteret blei bygd om i 1617 og er av enkel design med lite pryd rundt ein arkade i høgrerenessansestil.[6] Den siste fasen av byggearbeidet fann stad rundt 1650, med ei ny dør for kyrkja, fullført i seinrenessanse- og plateresk-stil full av detaljar.[5] På grunn av velstanden og dei mange utbyggingane sine viste Santa María de Óvila døme på kvar spansk religiøs arkitektonisk stil som blei brukt frå 1200 til 1600.[11] Men sjølv på høgda si var Óvila eit av dei minste cisterciensarklostera i Castilla.[7]

Nedgang[endre | endre wikiteksten]

A very rusty metal sign covered in blue enamel with white enamel lettering, the sign affixed to a stone wall. The words on the sign are "Santa María de Óvila Trillo".
Slite emaljert klosterskilt.

Frå 1400-talet av førte endringar i områda rundt Santa María de Óvila til ein sakte nedgang for klosteret. Borgarkrigar førte til at landsbyane i den øvre Tagus-dalen blei tømde for folk.[12] Eigedommane til klosteret kom etter kvart i hendene til det nye regionale aristokratiet: fyrst greven av Cifuentes, følgd av Rui Gomes da Silva, hertug av Pastrana, og den spanske hæren. Naboar plyndra fleire område.[13]

Under den spanske arvefølgjekrigen blei delar av klosteret øydelagt i brann.[12] Under den spanske sjølvstendekrigen plyndra franske soldatar bygningane og nytta dei som kasernar. Munkane blei tvinga til å forlata klosteret i 1820 etter konfiskasjonane til dei nye liberal styresmaktene, men kom tilbake i 1823 etter at kong Ferdinand VII gjenoppretta konservative institusjonar.[14] Landsbybuarane i nærområdet nekta likevel å støtta klosteret, trass i vernet frå kongen. Klosteret slutta å vera verksamt i 1835. Kyrkjegodskonfiskasjonane til Mendizábal førte fram ein lov som erklærte at mindre religiøse samfunn med under 12 innbyggjarar skulle overførast til staten. Klosteret hadde berre fire munkar og ein lekbror, som alle blei kasta ut.[1][5]

Etter konfiskasjonane gjekk mykje av innbuet og kunstskattane i Santa María de Óvila til dei omliggjande soknekyrkjene, særleg Ruguilla, Huet, Sotoca de Tajo og Carrascosa de Tajo.[6] Andre verdisakar, som bøker og historiske dokument, blei stolne og selde.[15] Det gjenverande innbuet blei auksjonert vekk, inkludert utstyr til vinproduksjon og ei oksekjerre.[8] Det verdifulle 328 sider lange kartulariet til klosteret (spansk libro tumbo de Santa María de Óvila) gjekk til ein privat eigar, men blei donert til klosteret Santa María la Real i Oseira i 1925.[16][17][18][19] Det tjukke manuskriptet inneheld kopiar av kongelege privilegium som blei gjevne til klosteret gjennom historia, og òg Abadologio, ei fullstendig og grundig historie om dei cisterciensiske munkane og abbedane som budde i klosteret skriven frå mars 1729 til februar 1730 av fader Gerofeo, ein cisterciensarmunk i klosteret i Valparaíso (Zámora).[18][20]

Dei nye eigarane av Santa María de Óvila var velståande bønder som ikkje brydde seg noko særleg om bygningane. Ei kort tid blei det tidlegare klosteret nytta som herberge, men hovudsakleg blei bygningane utsette for hard bruk som skjul for husdyr.[1] Kapittelhuset fungerte som gjødselkjellar.[8] Andre bygningar blei nytta som lager.[21] På byrjinga av 1900-talet kunne ein sjå små tre som voks i jord som hadde samla seg på klostertaka. Dei vernande teglsteinane var blitt tatt av og selde for lenge sidan.[8]

Flytting til California[endre | endre wikiteksten]

Nedtatt krossgang frå klosteret på 1930-talet.

I 1928 selde den spanske staten klosteret til Fernando Beloso for litt over 3100 pesetas,[22] omtrent 600 til 700 US-dollar på den tida.[23] Beloso, som var direktør for Den spanske kredittbanken i Madrid, var eigaren av Coto de San Bernardo i Óvila, som omfatta store kunstig vatna kornåkrar og skog rundt klosteret.[24]

Arthur Byne, ein kunstagent som budde i Madrid og som hadde den amerikanske avisermagnaten William Randolph Hearst som sin største klient, arbeidde for at Hearst skulle kunna kjøpa eit gammalt kloster i 1930.[8][22] I 1925 hadde Byne kjøpt klosteret Santa María la Real de Sacramenia for Hearst, og det var blitt demontert, pakka og sendt til New York, der det blei oppbevart i eit lager i Bronx.[25] (I 1954 blei det sett opp som ein turistattraksjon i Florida, og blei seinare kjøpt av det episkopale bispedømet i Sør-Florida og kalla St. Bernard de Clairvaux-kyrkja.)[26] Byne bad Beloso om hjelp til å finna eit passande kloster, og Beloso inviterte han til å sjå det gamle Óvila-klosteret i desember 1930. Byne sende så fotografi og skisser til Hearst for godkjenning. Byne lista opp spesifikke element, hovudsakleg arkitektoniske detaljar, som kunne forflyttast, som kvelvribber, dørrammer, vindauegeembrasurar (smalnande vindaugeopningar), søyler og kapitel. Nokre veggar av fin stein blei også anbefalte for flytting. Han refererte til forslaget som «Mountolive», kanskje for å villeia dei spanske styresmaktene som var ansvarlege for å verna historiske gjenstandar.[22][26]

Etter at Hearst uttrykte entusiasme for prosjektet, selte Beloso steinane til Byne for 85 000 dollar, inkludert klosteret, kapittelhuset, refektoriet og novisedormitoriet.[27][28] Med Byne sin provisjon skulle Hearst betala 97 000 dollar,[1] ein pris som tilsvarar om lag 1,72 millionar dollar i 2024. Byne starta straks på prosjektet, organiserte menn og materialar, og byrja å fjerne steinane. Hovudarkitekten til Hearst Julia Morgan sendte assistentarkitekten sin Walter T. Steilberg,[29] som kom fram den 9. mars 1931. Steilberg tilrådde at Hearst kjøpte den gamle kyrkjeportalen, noko han gjorde, til Byne sin pris på 1500 dollar.[5] Under leiing av Byne og Steilberg blei klosteret nøye merka då det blei demontert stein for stein.[30] Antonio Gomez, den lokale formannen som både Byne og Steilberg rosa, nummererte blokkene på arkitektoniske teikningar og målte nummeret i raudt på baksida av kvar stein.[8]

For å flytta alle steinane fekk Byne og Steilberg bygd ein veg til Tagus, og ein pram festa til ein fast kabel fekk i oppdrag å frakta steinane over elva. Ein gammal skyttargravsjernbane frå fyrste verdskrigen blei henta inn for å transportera steinar frå klostret til ferja; spora kunne leggjast inn til kvar av bygningane.[5] Menn skuva dei små toga langs dei smale spora; steinane blei så løfta opp i båten med kran, og ei anna kran løfta dei ut til lastebilar. Eit av dei største problema Byne møtte var at dei tre beste fabrikkane i Spania ikkje kunne produsera nok pakkemateriale til å pakka all steinen i kassar.[8] På eit tidspunkt, då Steilberg innsåg at steinane kom til å brukast i California som utvendig dekke for strukturelle stålveggar, foreslo han at overflata til kvar stein skulle skjerast til ein «finér» med ein tjukkleik på 150 mm for at dei vere lettare å pakka og frakta, men Hearst ville halde på autentisiteten til steinane i full storleik. Byne og Steilberg fann at visse veggar og byggingar ikkje hadde noko verdi og let dei vera att i Spania. Steilberg kom heim i slutten av mars.[5]

Byne skunda seg med prosjektet, fordi han frykta at det kunne bli stoppa kva tid som helst av styresmaktene - spansk lov hadde forbod mot å fjerna historiske gjenstandar. Men dei spanske styresmaktene var på den tida i kaos, og handheva ikkje lovverket. Embetsfolk «såg på den andre vegen»[8] då lastebiler frakta 700 år gamle steinar gjennom Valencia til hamna.[1] Då kong Alfonso XIII abdiserte i april 1931, og gav regjeringa kontroll av Den andre republikken, stoppa dei nye embetsfolka prosjektet.[5] Advokaten til Byne overtalte arbeidsministeren til å gje løyve til at arbeidet skulle halda fram sidan prosjektet sysselsette meir enn hundre menn og førte inn pengar til ein alvorleg deprimert økonomi.[5]

Doktor Francisco Layna Serrano frå Ruguilla i nærleiken hadde i årevis prøvd å redda klosteret, men hadde ikkje fått styresmaktene interessert i det dyre verneforslaget. Han innsåg at dette var siste sjansen hans til å dokumentera staden då steinane blei fjerna, og han skreiv ein monografi om historia og inkluderte ein bygningsplan frå minnet.[5] Som eit resultat av innsatsen hans blei Santa María de Óvila oppført som eit nasjonalt monument i Spania, eller Bien de Interés Cultural (Kulturell eigendom), 3. juni 1931.[22][31] Layna Serrano gav ut monografien sin i 1932. I 1933 blei det historiske kartulariet til klosteret teke til Universitetet i Madrid og publisert; originalen blei arkivert ved Universitetet i Oviedo.[22]

Då demonteringa var ferdig den 1. juli 1931, stod ein att med kring 10 000 steinar med ei totalvekt på 2200 tonn.[5][8][28] I 1931 hadde klosterprosjektet kosta Hearst rundt ein million dollar.[1][32]

Spanske ruinar[endre | endre wikiteksten]

Ruinar av klosteret i Spania.

I dag er det att nokre få bygningar frå det opphavlege klosteret i Spania. Dette inkluderer ein vinkjellar eller bodega, som no er den eldste overlevande bygningen på området. Dette vart bygd på 1200-talet under regjeringstida til Henrik I av Castilla. Overetasjen blei bygd som ein sovesal på 27 gonger 90 fot (8,2 gonger 27,4 m) med eit langt tønnekvelvtak. Utanfor bodegaen kan ein sjå falleferdige veggar, opne rom og ein del av det gotiske kyrkjetaket.[5] Dei doble bogane i klosterveggane frå renessansen er framleis att, men det boga taket er tapt.[4] Grunnmuren til kyrkja er også synleg.[33]

California[endre | endre wikiteksten]

Wyntoon[endre | endre wikiteksten]

Hearst kjøpte fyrst klosteret med føremål om å erstatta familiebustaden i Wyntoon, på breidda av McCloud-elva nær Mount Shasta i eit aude område i Nord-California. Den opphavlege bygningen var utforma av mor hans, Bernard Maybeck, som ei fantasi-hytte som brann ned i 1929.[34] Hearst ville erstatta henne med ein stor steinbygning utstyrt med dekorative tårn - eit eksentrisk slott eller ein follly som skulle vera større enn forgjengaren.[5] For å førebu seg på at dei spanske steinane skulle koma, teikna Morgan opp planar med kapittelhuset i klosteret som inngangshallen til slottet, og den store kyrkja til å husa eit symjebasseng.[35] Andre steinar blei peika ut til å dekka for veggar og rom i fyrsteetasjen.[36]

Ved hamna i San Francisco inspiserte Steilberg kvar sending av steinar, fleire tusen kassar i alt.[5] Haslett-lageret, mellom Fisherman's Wharf og Hyde Street Pier, blei nytta til lagring.[1] Med fyrste spadestikk planlagt i juli 1931 og det siste fraktskipet med steinar framleis undervegs, stoppa Hearst den store planen for Wyntoon fordi formuen hans var blitt for mykje redusert etter den store depresjonen. Steinane blei verande på lageret, med ei årleg lagringsavgift på 15 000 dollar.[5]

Golden Gate Park[endre | endre wikiteksten]

I 1940 bestemte Hearst seg for å gje vekk klosteret. Regjeringa til Francisco Franco bad om at det skulle returnerast til Spania, men Hearst nekta. I august 1941 overtalte Herbert Fleishhacker, direktøren for M. H. de Young Memorial Museum, Hearst til å gje steinane til San Francisco by i bytte mot at byen skulle betale gjelda på 25 000 dollar for lagring.[1][34][37] Hearst heldt fast på at steinane skulle brukast til å byggja ei gruppe museumsbygningar ved de Young Museum i Golden Gate Park.[5] Byen flytta kassane frå lageret for å lagra dei utandørs bak museet og den japanske tehagen, og det var berre sett av 5000 dollar til frakt og til å byggja grove skur og vernedekke. Museumsplanen var estimert til å kosta 500000 dollar, men dette beløpet var ikkje tilgjengeleg.[1] Morgan laga fleire planar for byen till å godkjenna, kvar med eit anna arrangement av bygningane enn i Spania. I desember 1941 blei USA drage inn i andre verdskrigen, og museumsplanane blei skrinlagde.[5] Byen tok opp att prosjektet i 1946, og betalte Morgan for å byggja ein skalamodell av bygningskomplekset som skulle bli til Museum of Medieval Arts,[5] ein vestkystversjon av The Cloisters i New York.[38]

Byen klarte ikkje finna nok pengar til å byggja museet, og i mellomtida var steinane blitt skadde i fem ulike brannar.[39][40][41] Den fyrste kom ikkje lenge etter at steinkassane var blitt plasserte i Golden Gate Park. Morgan sa at «haugar av brennande boksar blei dratt ned og til sides av brannmennene, mange blei kasta over hundre og femti meter». Hearst døydde i 1951, og Morgan døydde i 1957; ingen av dei såg noko bli bygd med steinane.[8][42] To brannar i 1959 viste seg å vera påsette, og mange av steina som var varma av elden, blei svekka eller sprakk etter plutseleg nedkjøling med vatn.[5] I 1960 blei Steilberg hyra inn til å inspisera steinane att; han brukte ein kulehammar til å slå ein sten lett og lytta til ein solid ringande tone, eller eit kort dunk som indikerte sprekking. Han fann at litt over halvparten av steinane var i god stand.[5]

I 1965 hadde Museum Society samla inn 40 000 dollar til å setja opp den store portalen til den gamle kyrkja. Han blei installert i de Young Museum, i midten av Hearst Court, den viktigaste utstillingshallen.[5] Resten av steinane blei gjevne opp av museet i mai 1969 med ei kunngjering om at det ikkje kom til å bli noka gjenreising. Etter dette blei nokre av steinane tatt av parkarbeidar og brukte til å dekorera Golden Gate Park.[43]

I 1989 eller 1990 blei ein granittpullert dumpa mellom klostersteinane av ein arbeidar for San Francisco. Den 1,2 meter høge pullerten hadde tidlegare vore brukt som trafikkbarriere. Nokre sjølvoppnemnde hinduiske parkbrukarar, leidde av kunstnaren Michael Bowen, som kalla seg Guru Baba Kali Das, byrja å tilbe pullerten som ein lingam; dei la nokre av klostersteinane i ein religiøs sirkel, og kalla sirkelen Shiva Linga. Byen gjekk til sak for å ta tilbake området i 1993, men mista saka i retten.[44][45] I januar 1994 arrangerte byen ei flytting av pullerten til Bowen sin garasje, som fungerte som tempelet hans.[46] Bowen la seinare pullerten ut for sal og innrømde at heile episoden var eit stykke performance.[47]

I 1999 blei nokre av steinane nytta til å byggja ein utandørs leseterrasse ved sida av Helen Crocker Russell Library of Horticulture, ein del av Strybing Arboretum and Botanical Gardens i Golden Gate Park.[44] Andre steinar er blitt nytta til ulike formål rundt Golden Gate Park og den japanske tehagen, og blei tekne uoffisielt av parkarbeidarane etter høve.[48] Nokre av steinane enda i parken AIDS Memorial Grove, andre ved ein luktbasert blomstergang kalla Garden of Fragrance.[38]

Universitetet i San Francisco[endre | endre wikiteksten]

Portalen til kyrkja Santa María de Óvila blei til slutt installert i 2008 i Ovila Amphitheater (2011).

I 2002 blei den gamle kyrkjeportalen donert av de Young Museum til University of San Francisco (eit jesuittuniversitet), og i 2008 blei han knytt til bygginga av Kalmanovitz Hall. Portalen er sett opp som bakgrunn for det utandørs Ovila Amphitheater, nær ein eldre romansk portal frå Nord-Italia.[49]

Abbey of New Clairvaux[endre | endre wikiteksten]

Emeritus-abbeden av Abbey of New Clairvaux, Fr. Thomas X. Davis, OCSO, såg steinane for fyrste gong og såg dei for seg som samla att til eit kloster den 15. september 1955 - den fyrste dagen hans i California. Denne dagen var han komen til San Francisco for å vera munk i Vina, ved klosteret Our Lady of New Clairvaux. Klosteret tilhøyrde trappistar, også kjende som cisterciensarar av dei strenge reglane. Munkane dyrka og heldt gudsteneste på jord som Leland Stanford hadde nytta til å dyrka vindruer.[50] Davis blei møtt på flyplassen og teken gjennom Golden Gate Park, der han fekk sjå steinane som låg i ugraset. Dei neste åra drog Davis frå tid til anna for å sjå på steinane, og fann dei i stadig dårlegare stand.[32]

Multiple interior and exterior stone arches frame a view looking out from a chapter house, revealing a view of orchard trees beyond an expanse of bare ground.
Inne frå det 800 år gamle gjenbygde kapittelhuset.

I 1981 byrja arkitekturhistorikaren Margaret Burke å arbeida med eit stilpend frå Hearst Foundation for å laga eit oversyn over dei gjenverande steinane.[32] Burke identifiserte rundt 60 % av steinane som tilhøyrde kapittelhuset, ein rektangulær bygning som opphavleg hadde mål på 31 gonger 46 fot (9,4 gonger 14,0 m) . Ho skilde ut steinane til kapittelhuset, omringa dei med eit gjerde og byrja å laga malar for å byggja opp att dei boga inngangane.[43] I 1980-1982 prøvde museumsstyret å få inn45 millionar dollar til eit utbyggingsprosjekt som inkluderte 3 millionar for å byggja opp att kapittelhuset.[1]

I mellomtida hadde Davis bede ein medlem av personalet ved museet om løyve til å ta fleire lastebillass med stein til Vina for å bruka dei til arkitektonisk dekorasjon. Parkarbeidarane hjelpte han med å lasta dei mest dekorative stykka han kunne finna, og dei blei frakta bort. Burke hadde ikkje fått vita om denne avtala, men fann ut at Davis hadde teke nokre av steinane til kapittelhuset, og museet insisterte på at dei skulle sendast tilbake. Davis stod att med 58 steinar frå andre klosterbygningar.[43]

I 1983 og 1987 bad Davis om å få dei andre steinane til kapittelhuset.[1] Etter jordskjelvet i Loma Prieta i 1989 skulle De Young-museet byggjast opp att, og framtida til steinane blei vurdert igjen. I september 1993 hadde museumsdirektøren Harry Parker eit møte med Davis for å skrive under på ei avtale om å gje dei som eit permanent lån til New Clairvaux.[43] I 1994 godkjente byen lånet,[37] så lenge bygningen blei restaurert nøyaktig og at han av og til skulle vera open for allmugen.[36][37] Steinane blei transporterte i 20 lastebilar til Vina.[51] I ei gammal mursteinløe Stanford hadde bygd for å laga brandy byrja arbeidet med å montera saman steinane, lagt flatt på Burke sine malar av kryssfiner.[32]

Ein av Ovila-drikkane.

Fyrste spadestikk fann stad i 2003[50] i ein frukthage ved sida av hovudklosterbygningen. Arkitekt Patrick Cole frå Arcademe, som hadde oversyn ved ombygginga, sa at dei hadde noko over halvparten av steinane dei trengde for å gjenreisa kapittelhuset. Av dei manglande steina var over 90 % repeterande mønstersteinar med tilgjengelege malar for å skjera til erstatningar.[38] Steinhoggarane Oskar Kempf og Frank Helmholz brukte moderne brent kalk (kalsiumoksid) som mørtel i staden for å laga sin eigen tradisjonelle kalkmørtel som det blei gjort i mellomalderen. Helmholz sa om høvet prosjektet gav dei at det var «noko dei fleste steinhoggarar ikkje gjer i heile karrieren sin».[50]

Styrken til bygningen er dobbelt så sterk som han var i Spania, med steinar som støtter si eiga vekt som utforma, styrka med ei ekstern ramme av stål og betong for å halda dei saman når jorda skjelv i California.[50] Grunnmuren med ei tre fot tjukk matte av betong og stål under seg, slik at «heile bygningen vil bevega seg som ei eining», er også laga for å gjera bygningen motstandsdyktig mot jordskjelv. Det gjenreiste kapittelhuset er det største eksemplet på opphavleg cisterciensisk gotisk arkitektur på den vestlege halvkula, og er den eldste bygningen i Amerika vest for Rocky Mountains.[38][a]

Sierra Nevada Brewing Company, som held til i nærleiken, samarbeidde med munkane i New Clairvaux omå laga ein serie belgisk øl under merket Ovila Abbey. På slutten av 2010 lanserte ølprodusenten ei nettside for å fortelje om utviklinga av ølprodukta og historia om gjenbruken av steinane.[52] Grunnleggjaren av Sierra Nevada, Ken Grossman, sa at han lenge hadde hatt interesse for å lage ein serie med belgisk øl, og at klosterprosjektet var eit god høve. Det fyrste produktet, ein dubbel, kom ut i mars 2011, følgd av ein sison i juli og ein quadrupel i november .[53] Sierra Nevada gjev ein prosent av ølsalet som hjelp til å finansiera gjenoppbygginga.[54]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Den romanske St. Bernard de Clairvaux-kyrkja er større og eldre enn Abbey of New Clairvaux.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 Leibman, Jack (2006). «The Monastery Stones—Final Chapter». Guidelines (San Francisco City Guides). Henta March 8, 2011. 
  2. Layna Serrano, Francisco (1932). El monasterio de Ovila: Monografía sobre otro monumento español expatriado (på spansk). Nuevas Gráficas. s. 78–82. 
  3. González Cabrerizo, Eliseo (1929). Biografía del insigne soriano San Martín de Finojosa Abad de Huerta y Obispo de Sigüenza (på spansk). Soria: Sociedad Económica Numantina de Amigos del País. s. 33–34. 
  4. 4,0 4,1 Layna Serrano, 1932, pp. 34–46
  5. 5,00 5,01 5,02 5,03 5,04 5,05 5,06 5,07 5,08 5,09 5,10 5,11 5,12 5,13 5,14 5,15 5,16 5,17 5,18 5,19 5,20 5,21 Burke, 1982
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Herrera Casado, Antonio (2005). «Monasterio de Ovila, junto a Trillo». Monasterios y conventos de Castilla-La Mancha: una guía para conocerlos y visitarlos. Tierra de Castilla-La Mancha (på spansk) 5. AACHE Ediciones de Guadalajara. s. 145–147. ISBN 84-96236-36-6. 
  7. 7,0 7,1 Duggan, Joseph J. (2008). The Cantar de mio Cid: Poetic Creation in Its Economic and Social Contexts. Cambridge Studies in Medieval Literature 5. Cambridge University Press. s. 102. ISBN 978-0-521-06297-8. 
  8. 8,00 8,01 8,02 8,03 8,04 8,05 8,06 8,07 8,08 8,09 8,10 Clements, Robert M. Jr (April–May 1981). «William Randolph Hearst's Monastery». American Heritage 32 (3). Henta January 25, 2012. 
  9. Millares Carlo, Agustín (1933). Cartulario del Monasterio de Óvila: (siglo XIII) (på spansk). OCLC 954094527. 
  10. Anales de la Universidad de Madrid: Letras - Volume 2 - Page 2 Universidad Complutense de Madrid - 1933 "Il Cartulario de Óvila es un códice encuadernado modernamente y escrito a línea tirada y con clara y elegante letra gótica en el transcurso del siglo xm. Los títulos e iniciales de adorno son de tinta roja. Como en otros cartularios de la misma ..."
  11. Clements, Robert M. Jr (April–May 1981). «William Randolph Hearst's Monastery». American Heritage 32 (3). Henta January 25, 2012. 
  12. 12,0 12,1 García De Paz, José Luis (2003). «El Monasterio de Ovila (Trillo)». Patrimonio desaparecido de Guadalajara: una guía para conocerlo y evocarlo. Tierra de Guadalajara (på spansk) 46. AACHE Ediciones de Guadalajara. s. 27–42. ISBN 84-96236-05-6. 
  13. Layna Serrano, 1932, s. 99–106
  14. García De Paz, 2003, p. 30
  15. Layna Serrano, 1932, p. 129
  16. Herrera Casado, Antonio (2005). «Monasterio de Ovila, junto a Trillo». Monasterios y conventos de Castilla-La Mancha: una guía para conocerlos y visitarlos. Tierra de Castilla-La Mancha (på spansk) 5. AACHE Ediciones de Guadalajara. s. 145–147. ISBN 84-96236-36-6. 
  17. Herrera Casado, Antonio. «Oseira: Un monasterio gallego con resonancias alcarreñas – Los Escritos de Herrera Casado». Henta 29 July 2012. 
  18. 18,0 18,1 Yáñez Neira, María Damián (1986). «Abadologio del monasterio de Santa María de Ovila» (PDF). Wad-al-hayara (på spansk) (13): 131–194. 
  19. Millares Carlo, Agustín (1933). Cartulario del Monasterio de Óvila, siglo XIII. 2 (på spansk) 2. Madrid: Anales de la Universidad de Madrid. Henta 29 July 2012. 
  20. Herrera Casado, Antonio (23 June 1995). «Oseira: Un monasterio gallego con resonancias alcarreñas – Los Escritos de Herrera Casado». herreracasado.com. Henta 29 July 2012. 
  21. Fried, Alexander (1941). «The Monastery of Santa Maria de Ovila». The Pacific Art Review (M.H. De Young Memorial Museum) 1: 36. «In 1931, when the structure was examined by Arthur Byne, a scholar in Spanish architecture, it was being irreverently used for the various work and storage of a farm that surrounded it.» 
  22. 22,0 22,1 22,2 22,3 22,4 Layna Serrano, Francisco (1998) [1932]. «Introducción». El Monasterio de Ovila. Obras completas de Layna (på spansk) 8. AACHE Ediciones. ISBN 84-95179-02-4. Henta 10. mars 2011. 
  23. The New Century Book of Facts. Continental. 1928. s. 1157–1159. 
  24. García De Paz, 2003, s. 32
  25. Navascués Palacio, Pedro (1985). Monasterios de España. Monumentos, tesoros y lugares de España (på spansk) 2–4 (2 utg.). Espasa-Calpe. s. 26–29. ISBN 84-239-5271-1. 
  26. 26,0 26,1 Clements, Robert M. Jr (April–May 1981). «William Randolph Hearst's Monastery». American Heritage 32 (3). Henta 25. januar 2012. 
  27. Steilberg, Walter T. (1976). «Letter to Charles Griffith, City Architect, San Francisco (August 30, 1960): Stonework of the Monastery Of Santa Maria of Ovila». I Reiss, Suzanne B. The work of Walter Steilberg and Julia Morgan. Julia Morgan architectural history project 1. University of California. s. 329–333. Henta 13. juli 2012. «The remains which Mr. Hearst purchased were (...) the chapel, the refectory, a cloister arcade, the chapter house, a rather complex triple doorway [and] dormitory arch stones» 
  28. 28,0 28,1 Chawkins, Steve (November 29, 2010). «Building with beer and mortar». Los Angeles Times. Henta 8. mars 2011. 
  29. Hadley, Nancy. «Walter T. Steilberg (1887–1974)». The American Institute of Architects. Henta March 8, 2011. 
  30. Steilberg Lawton, Helena (1976). «Walter Steilberg, architect: the man, his times, his work». I Reiss, Suzanne B. The work of Walter Steilberg and Julia Morgan. Julia Morgan architectural history project 1. University of California. s. 226–357. Henta 13. juli 2012. 
  31. «El Monasterio de Ovila renace en la Casa de Guadalajara en Madrid: La historia del monasterio de alarga hasta tocar los siglos XI y XII». La Cerca (på spansk) (Grupo de Comunicación La Cerca). 26. mai 2010. Henta 10. mars 2010. 
  32. 32,0 32,1 32,2 32,3 Banisky, Sandy (4. februar 1997). «Rocks of Ages Monastery: Chunks of a 12th-century Spanish structure are at the heart of a rebirth, and a battle, in San Francisco». Baltimore Sun. Henta 9. mars 2011. 
  33. «Trillo intenta guiar a los turistas a las ruinas de Óvila». Guadalajara DosMil (på spansk) (Ediciones y Publicaciones Guadalajara 2000). 10. september 2008. Arkivert frå originalen 5. september 2012. Henta 13. mai 2012. 
  34. 34,0 34,1 «William Randolph Hearst and the Sacred Stones». Sacred Stones. Henta 9. mars 2011. 
  35. Kingsley, Karen (Spring 1985). «William Randolph Hearst and the Politics of Patronage». Southeastern College Art Conference Review 10 (5): 280–281. 
  36. 36,0 36,1 Smith, Matt (29. desember 1999). «Abbey's Road». SF Weekly. Arkivert frå originalen 4. november 2012. Henta 4. mai 2012. 
  37. 37,0 37,1 37,2 «Everything Old Is New AgaI: Monks build anew with ancient stones». Adoremus. June 2003. Henta 10. mars 2011. 
  38. 38,0 38,1 38,2 38,3 Kahn, Eve M. «Reconstruction: A New Chapter». Restore Media. Henta 10. mars 2011. 
  39. City of San Francisco. «Spanish monastery after being hit by fire». San Francisco Public Library. Henta 24. juli 2012. 
  40. City of San Francisco. «Firemen put out fire in packing cases which damaged parts of a Spanish monastery in Golden Gate Park». San Francisco Public Library. Henta 24. juli 2012. 
  41. Van Niekerken, Bill (19 Feb 2018). «From Hearst to monks, rubble from historic monastery finds new life». San Francisco Chronicle. Henta 25. mars 2022. 
  42. Wadsworth, Ginger (1991). Julia Morgan, architect of dreams. Lerner Biographies. Twenty-First Century Books. s. 118, 120. ISBN 0-8225-4903-4. 
  43. 43,0 43,1 43,2 43,3 «A time to gather stones». Chico News & Review (Chico Community Publishing). 14. mars 2002. Henta 20. mars 2012. 
  44. 44,0 44,1 Pollock, Chris; Katz, Erica (2001). San Francisco's Golden Gate Park: A Thousand and Seventeen Acres of Stories. Graphic Arts Center Publishing. s. 69, 74, 78. ISBN 1-55868-545-6. 
  45. Hasson, Kevin (2005). The Right to Be Wrong: Ending the Culture War Over Religion in America. Encounter Books. s. 3–4. ISBN 0-307-71811-5. 
  46. «Precious Stone: One Man's Traffic Barrier Is Another's Sacred Relic—Just Ask San Francisco Guru Baba Kali Das». People 42 (23). December 5, 1994. Henta January 28, 2012. 
  47. «Dog Bites: False God». SF Gate. April 5, 1995. Henta 8. mars 2011. 
  48. «Scattered Remains of the Santa Maria de Ovila Monastery». Best Of Award: Best Dismembered Piece of Hearst Legacy (SF Weekly). 2000. Henta 10. mars 2011. 
  49. «Thacher Gallery». University of San Francisco. Arkivert frå originalen 13. september 2011. Henta 10. mars 2011. 
  50. 50,0 50,1 50,2 50,3 Patterson, Margot (12. desember 2008). «Stone by stone». National Catholic Reporter. Arkivert frå originalen 10. april 2011. Henta 10. mars 2011. 
  51. Leibman, Jack (2006). «The Monastery Stones—Final Chapter». Guidelines (San Francisco City Guides). Henta 8. mars 2011. 
  52. «Whois Record For OvIla.com». DomainTools. Henta 9. november 2011. 
  53. «Sierra Nevada Creating New Ovila Beer in 2012». Beerstreetjournal.com. Henta 9. november 2011. 
  54. Greenlee, Steve (June 22, 2011). «Review: Sierra Nevada Ovila Abbey Dubbel». Boston Globe. Arkivert frå originalen 31. mai 2012. Henta 28. januar 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Santa María de Óvila