Santa Maria i Asorane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Santa Maria
Baía da Praia Formosa på Santa Maria
Baía da Praia Formosa på Santa Maria
Geografi
Santa Maria-pos.png
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 36°58′N 25°06′WKoordinatar: 36°58′N 25°06′W
Øygruppe Asorane
Areal 97,18 km²
Høgaste punkt Pico Alto (590 moh.)
Administrasjon
Land Portugal Portugal
Autonom region Asorane
Største busetnad Vila do Porto (5511 innb.)
Demografi
Folketal 5511 (2003)
Folketettleik 57 /km²

Santa Maria er ei øy søraust i Asorane og den sørlegaste øya i øygruppa. Ho var den første øya i Asorane som vart oppdaga. Oppdagaren var Diogo Silves under ei reise til Madeira i 1427. Gonçalo Velho førte familiar og kveg til øya.

Ho har eit areal på 97,18 km² og består av ein enkelt kommune kalla Vila do Porto, som har den eldste azoriske landsbyen. På øya står òg gamle hus med vindauge som høyrte til Capitão Donatário frå 1400-talet.

På grunn av den geologiske alderen (øya vart danna 4,8 millionar år sidan) er Santa Maria den einaste øya i Asorane med mykje sediment. I desse sedimenta er det funne fossil etter sjødyr.

Husa ligg spreidd over heile øya. Husa i Alentejana har generelt høge skorsteinar. Landet er svært frodig og landskapet er vakkert.

Det vert produsert kunst, handverksarbeid og keramikk på øya.

Øya er delt inn i to regionar:

  • Eit flatt, svært tørt og solrikt, område med hovudbyen Vila do Porto (grunnlagd rundt 1430) og ein sivil flyplass, Santa Maria lufthamn. Lufthamna var ein amerikansk flybase fram til slutten av den andre verdskrigen.
  • Den andre delen er åslendt. Det høgaste punktet på øya er Pico Alto på 590 meter over havet. Fjella er ofte dekte av skyer og gjev mykje fukt til området som har rik vegetasjon og noko jordbruk. I februar 1989 styrta eit Boeing 707 i Pico Alto og 144 menneske mista livet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]