Santamartakjerrsporv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Santamartakjerrsporv
Santamartakjerrsporv Foto: Alejandro Bayer Tamayo
Santamartakjerrsporv
Foto: Alejandro Bayer Tamayo
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Amerikasporvfamilien Passerellidae
Slekt: Atlapetes
Art: Santamartakjerrsporv A. melanocephalus
Vitskapleg namn
Atlapetes melanocephalus

Santamartakjerrsporv (Atlapetes melanocephalus) er ein fugl i amerikasporvfamilien, Passerellidae, og er endemisk til Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein stor kjerrsporv, ca. 17 centimeter og 25 gram, med karakterisk fjørdrakt, kraftig gulfarga underside, olivenfarga overside, svart hovud med lysegrå flekker på kinnet. Den lange halen er mørk med olivenfarga kanter. Santamartakjerrsporven syng oftast i duett.

Han lever mellom 1000 og 3000 moh. i utkanten av krattskog og våt tropisk skog, også i gjenreist skog. Han beitar oftast nær bakkenivå, og ofte i fleirartsflokkar. Han rører seg lite innanfor utbreiingsområdet sitt.[1]

Jamvel om santamartakjerrsporven har eit lite utbreiingsområde, er populasjonen stabil og livskraftig.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Jaramillo, A. (2011)
  2. BirdLife International (2015)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]