Santamartalauvgranskar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Santamartalauvgranskar
Santamartalauvgranskar
Santamartalauvgranskar
Utbreiing
Utbreiinga av Santamartalauvgranskar
Utbreiinga av Santamartalauvgranskar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Omnfuglar Furnariidae
Slekt: Automolus
Art: Santamartalauvgranskar A. rufipectus
Vitskapleg namn
Automolus rufipectus

Santamartalauvgranskar (Clibanornis rufipectus) er ein fugl i omnfuglfamilien og er endemisk til Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Santamartalauvgranskar er ein mellomstor, raudbrun omnfugl, ca. 17 til 20 centimeter lang[1] og med kroppsvekt på rundt 30 gram.[2] Strupen er kanelfarga oransje, stjerten er nøttebrun, medan resten av fjørdrakta er generelt raudbrun med få distinkte kjenneteikn. Nebbet er lyst grått.

Han lever i dei nordlege og nordvestlege skråningane av Sierra Nevada de Santa Marta. Her har han habitat i generelt fuktig subtropisk opphavleg skog og i gjenvaksen skog med tett undervegetasjon. Han varierer i høgdnivå frå nesten tørr krattskog 700 moh. til den mest fuktige skogen på 2100 moh.[1]

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 BirdLife International (2015)
  2. Remsen, J.V., Jr (2003)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]