Santamartamaurfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Santamartamaurfugl
Santamartamaurfugl
Santamartamaurfugl
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av Santamartamaurfugl
Utbreiinga av Santamartamaurfugl
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Drymophila
Art: Santamartamaurfugl D. hellmayri
Vitskapleg namn
Drymophila hellmayri

Santamartamaurfugl (Drymophila hellmayri) er ein fugl i maurfuglfamilien som er endemisk for Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein langhala, streka, ca. 15 centimeter lang smettliknande maurfugl som veg ca. 12 gram. Hovudet og oversida er svart-kvit-streka, undersida kvit med svarte strekar, bakkroppen raudbrun. Halen er mørk, avrunda med kvite tupp.

Santamartamaurfuglen skil seg frå dei næraste slektningane i fjørdrakt ved at halefjørene hos begge kjønn har raudbrun farge mot bakkroppen, der dei andre artane har mørk grå farge.[1] Ved studiar av lætet er det òg funne forsiktige skilnader frå dei andre tidlegare underartane av langhalemaurfugl, mellom anna med bruk av sonogram frå lydopptak.[1]

Denne maurfuglen er først og fremst knytt til bambus-vegetasjon i høgder frå 300 til 2150 moh., og mest vanleg over 1000 moh.[1] Han kan og observerast i anna grøn skog. Dette er insektetande fuglar.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Fram til ca. 2012 var det definert eit takson langhalemaurfugl Drymophila caudata med fire underartar, mellom anna D. caudata hellmayri. Etter ein studie med samanlikningar av mtDNA, læte, fjørdrakt og diversitet i økologi, la gruppa framlegg om å handsame kvar av dei fire underartane som sjølvstendige artstakson.[1] Synet blei stødd av South American Classification Committee og den nye taksonomien blei tatt inn i Clementslista frå august 2013,[2] og er òg akseptert av IOC.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Isler, M. L., A. M. Cuervo, G. A. Bravo, & R. T. Brumfield. 2012. An integrative approach to species-level systematics reveals the depth of diversification in an Andean thamnophilid, the Long-tailed Antbird. Condor 114: 571–583
  • Zimmer, K. & Isler, M.L. (2003). Santa Marta Antbird (Drymophila hellmayri) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 5. juli 2015
  • Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185. 
Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Isler et al 2012
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2013), Updates and Corrections – August 2013 Cornell Lab of Ornithology
  3. IOC-lista, versjon 5.2 listar dei fire artane, lest 5. juli 2015

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]