Santerno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Santerno
elv
Land  Italia
Nedslagsfelt om lag 700 km²
Lengd 27 km
Middelvassføring 16 /s
Kjelde Dei toscanske Appenninane
 - høgd 1 222 moh.
Munning Reno
Kart
Santerno
44°34′03″N 11°57′50″E / 44.5674°N 11.9638°E / 44.5674; 11.9638
Wikimedia Commons: Santerno

Santerno er ei elv i Romagna i Italia og ei av dei viktigaste sideelvane til Reno. I romartida vart elva kalla Vatrenus (litle Renus), men i Tabula Peutingeriana vart ho nemnd som Santernus.

Elva har utspring nær Futapasset i ei høgd 1 222 moh i Appenninane ved Firenzuolaplatået. Etter Firenzuola renn Santerno gjennom Castel del Rio, der elva vert kryssa av den kjende mellomalderbrua Ponte degli Alidosi, Fontanelice, Borgo Tossignano, Casalfiumanese og Posletta. Elva renn så ut i Reno 7 km frå Bastia.

Det er mogeleg at elva rann aust for Bagnacavallo i antikken. Etter Imola delte elva seg i to greiner, dene eine nordaustover mot Ravenna og den andre nordover til Po. Greina mot Ravenna forsvann truleg på 700-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]