Santiago de Compostela

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Santiago de Compostela
by
none Utsyn mot domkyrkja i Santiago de Compostela.
Land Flag of Spain.svg Spania
Region Galicia
Wikimedia Commons: Santiago de Compostela
Katedralen i Compostela.

Santiago de Compostela er ein by i Spania, og hovudstad i den autonome regionen Galicia nordvest i landet. Byen er kjend som pilegrimsstad for europeiske katolikkar. I år 813 oppdaga ein ei grav der ein trudde at apostelen Jakob var gravlagd. Han vart avretta i Jerusalem i år 44, men leivningane skal ha vorte førte til Compostela der han ei tid hadde arbeidd. Både byen og pilegrimsvegen dit (Jakobsvegen, spansk Camino de Santiago) gjennom Frankrike og Spania står oppført på UNESCO si liste over verdas kulturarv (verdsarv).

Namnet «Compostela» meiner ein kjem av det latinske campus stellæ – «stjerna sitt eige», og Santiago de Compostela vert slik «St. Jakob i stjerna sitt eige». Leivningane etter apostelen var etter folketrua nedgravne der ein gjetar hadde sett ei stjerne, og ei kyrkje vart etter kvart bygd over grava. Seinare vart denne kyrkja erstatta med katedralen som står i dag (påbyrja seint på 1000-talet).

Compostela har i dag i overkant av 90 000 innbyggjarar. Byen har òg eit universitet, og var Europeisk kulturhovudstad i 2000.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.