Saqqaq

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 70°00′35″N 51°56′45″W
Saqqaq
bygd
Saqqaq.jpg
Land Flag of Greenland.svg Grønland
Kommune Qaasuitsup
Koordinatar 70°00′35″N 51°56′45″W
Postnummer 3952 Ilulissat
Wikimedia Commons: Saqqaq

Saqqaq (grønlandsk for 'Solsida', før 1973 stava Sarqaq) er ei bygd på Vest-Grønland. Ho ligg omlag 100 km nordafor Ilulissat på sørsida av Nuussuaq-halvøya ut mot Vaigat. Bygda hadde i 2011 omlag 173 innbyggjarar, og var ein del av den tidlegare Ilulissat Kommune, frå 2009 Qaasuitsup Kommune.

Dei viktigaste inntektskjeldene er fiskeri av blåkveite og turisme.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske utgravingar vest for bygda har vist spor etter Saqqaq-kulturen, oppkalla etter bygda Saqqaq. Vest for bygda har det vorte gjort mange arkeologiske funn. Saqqaq-kulturen eksisterte frå omkring 2500 f.Kr. til 800 f.Kr. primært i det sørlege Grønland.

Bygda Saqqaq vart grunnlagt i 1755 under namnet Ritenbenk. Ritenbenk vart i 1781 flytta til øya Appat 70 km nordafor Ilulissat, og har vore uten permanent busetnad siden 1960. Nokre bygningar vert no brukt som leirskole.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Der er ein omlag fem timars ferjetur frå Ilulissat, og helikopter to gangar om veka om vinteren.

Hannibal Fencker var styrar i Saqqaq frå 1942 til 1970. Saman med kona Amalie kjøpte han pastor Christian Rosings hus, som han flytta frå Ilulissat til Saqqaq. Hagen til Hannibal og Amalie hadde mange blomar og sjølv subtropiske plantar som dadlar og sitronar lukkast det dei å få til å veksa i drivhus. Fencker mottok Det Kongelege Gartneriet Societys sølvmedalje i 1973 for framifrå hagearbeid. Huset vert no brukt til innkvartering av turistar.

Bygda er kjend frå filmane Hvor Bjergene sejler frå 1955, som var den første fargefilmen om Grønland og Qivitoq (Fjeldgængeren) frå 1956 med Poul Reichhardt i hovudrolla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]