Sara Evans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sara Evans
Sara Evans - June 2018 01.jpg
Sara Evans i 2018
Fødd5. februar 1971 (50 år)
FødestadBoonville i Missouri i USA
FødenamnSara Lynn Evans
OpphavNashville i USA
AktivSidan 1997
SjangerCountry
InstrumentVokal, gitar
Tilknytte artistarBarker Family Band, Vince Gill
PlateselskapRCA Nashville, Sugar Hill, Born to Fly
Verka somSongar, låtskrivar

Sara Lynn Evans (fødd 5. februar 1971) er ein USA-amerikansk countrysongar og låtskrivar.

Evans har gjeve åtte studioalbum, der Three Chords and the Truth var debutalbumet i 1997. Born to Fly er det bestseljande albumet hennar og har selt til 2x-platinaplate i USA for over to millionar selde eksemplar. Ho har hatt meir enn 20 singlar inne på den amerikanske Billboard Hot Country Songs-lista. Den første større hitten hennar var «No Place That Far» som nådde toppen av lista i 1989. Ho har hatt fire singlar til på toppen av lista, med «Born to Fly» (2000-2001), «Suds in the Bucket» (2004), «A Real Fine Place to Start» (2005) og «A Little Bit Stronger» (2010-2011), i tillegg til fire songar til som nådde topp 10.

Evans har òg samarbeidd med The Warren Brothers, Vince Gill, Martina McBride, Mindy McCready, Lorrie Morgan, Phil Vassar og Pat Green blant fleire.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sara Evans