Sara Margrethe Oskal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sara Margrethe Oskal
Nasjonalitet Noreg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. juli 1970 (53 år)
Kautokeino kommune
Yrke skodespelar, skribent, lyrikar, filmregissør, filmprodusent
Språk nordsamisk

Sara Margrethe Oskal (fødd 5. juli 1970) er ein samisk forfattar, skodespelar og kunstnar frå Kautokeino.

Ho gjekk ut frå Teaterhögskolan i Helsingfors i Finland i 2003. I januar 2010 disputerte ho for doktorgraden i performativ kunst med det kunstnariske utviklingsarbeidet Skealbma ut i verden – samisk gjøglertradisjon i fortellinger og joik, og moderne sceneuttrykk ved Kunsthøgskolen i Oslo.[1]

I 2009 hadde ho urpremiere på framsyninga The Whole Caboodle - Full Pakke - Guksin GuollemuorranRiddu Riđđu-festivalen. Ho har spela soloframsyninga på festivalar i Noreg, Finland, Sverige, Island, Estland, Russland, Australia, USA og Canada.

I 2016 vart ho nominert til Nordisk råds litteraturpris med diktboka savkkuhan sávrri sániid - utrettelige ord.

Filmskapar[endre | endre wikiteksten]

  • ARA - BÁLGGIS - kortfilm laga gjennom Native Slam-prosjektet saman med Katk Akuhat-Brown og Enchota Killsnight. Premiere. Maoriland Filmfestival, New Zealand/Aoteraroa, 2016
  • Aurora Keeps an Eye on You Guovssahas oaidná du  - Manus og regi: Sara Margrethe Oskal. Produsent: Freedom From Fear, Mona Hoel. Premiere: Tromsø Internasjonal Film Festival 2015, tiff.no

Regi[endre | endre wikiteksten]

Skodespelar - eit utval[endre | endre wikiteksten]

  • Áile ja áhkku, kortfilm av Silja Somby, 2015.
  • La Dans du la Renne, Franrike, 2014
  • Arktisk hysteri, av Rawdna C. Eira og Mette Brandzeg. Regi: Mette Brandzeg, 2012
  • Juletrollet, kortfilm av Marja Bål Nango, 2011.
  • Nils Holgerssons wunderbare Reise mit dem Wildgänsen, (Niila) Regi: Dirk Regel, ARD, 2011.
  • The Whole Caboodle – Full Pakke – Guksin Guollemuorran, av og med Sara Margrethe Oskal. Regi: Thea Stabell og Anitta Suikkari 2009-2011, 2014, 2015.
  • En Kvinne – Nissonolmmoš, tre monologar (Oppvåkningen, Vi har alle same historie, Ei einsam kvinne) av Dario Fo og Franca Rame. Regi: Harriet Nordlund, Beaivváš Sámi Teáhter, 2005.
  • Momo og kampen om tiden, basert på boka av Michael Ende. Regi: Anne Meek, Nordland Teater, 2001.
  • Stol på ministeren, (Marit Jaha) i 1997. Regi: Paul Anders Simma. For denne rolla vart ho nominert til den finske filmprisen Jussi, i klassen for Beste kvinnelege hovudrolle.
  • Brødrene Dal og legenden om Atlant-is, (Lita Tavle). Regi: Kalle Fürst, NRK, 1994
  • Gullspråket, ein monolog av Ailo Gaup. Regi: Svein Birger Olsen, Beaivváš Sámi Teáhter, 1991.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • váimmu vuohttume – poesi på nordsamisk, Iđut 2006
    • Berceau dei monnar cæur/Kavell ma c´halon/váimmu vuohttume – poèmes de Sara Magrethe Oskal, photographies dei Matyas Le Brun, Editions Delatour France, 2014
  • Guksin Guollemuorran - The Whole Caboodle – teatermanus på nordsamisk og engelsk, gjeve ut av dramatikaren, 2009
  • Samisk gjøgler ut i verden – boka er basert på dei kunstnariske utviklingsarbeida hennar ved Kunsthøgskolen i Oslo, Davvi Girji 2010
  • savkkuhan sávrri sániid – poesi på nordsamisk, Iđut 2012
    • utrettelige ord – omsett til bokmål, 2014
  • Skelbmošit máilmmi lávddiin – Davvi Girji 2014

Representert i[endre | endre wikiteksten]

  • Beauty and Truth/Čáppatvuohta ja duohtavuohta – antologi, Orkana Akademisk 2014
  • Whispering Treasures, an anthology in English – Davvi Girji 2012
  • Aperçu dei littérature sami – redaktør og prosjektleiar for Samisk Forfatterforening/Sámi Girječálliid Searvi, 2011
  • Beaiveálgu – eit høyrespel dramatisert saman med medforfatter Karen Anne Buljo, basert på romanen med same tittel av Anders Larsen, Davvi Girji 2010

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vuolab, Siv Eli (18. januar 2010), «Doktorgrad i samisk gjøgling», NRK (på norsk bokmål), henta 18. oktober 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]