Sara Simeoni
Sara Simeoni | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 19. april 1953 (69 år) Rivoli Veronese |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Friidrett under Sommer-OL 1984 – Høydehopp kvinner, athletics at the 1980 Summer Olympics – women's high jump, athletics at the 1976 Summer Olympics – women's high jump, athletics at the 1972 Summer Olympics – women's high jump, 1978 European Athletics Championships – women's high jump, 1974 European Athletics Championships – women's high jump, 1982 European Athletics Championships – women's high jump, Junior-EM i friidrett 1970, 1971 European Athletics Championships – women's high jump, Friidrett under Middelhavslekene 1971 |
Utmerkingar |
kommandør av Republikken Italias fortjenstorden, Gold Collar for Sports Merit, Medal at the athletic prowess |
Sara Simeoni (fødd 19. april 1953) er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar som tevla internasjonalt i høgdehopp. Ho vart europameister i øvinga i 1978 og olympisk meister i 1980. Simeoni gjorde sitt livs beste høgdehopp då ho vann EM-gullet på 2,01 meter.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Simeoni fekk sitt gjennombrot då ho tok bronsemedaljen i EM 1974 i Roma. Under sommar-OL 1976 i Montreal fekk ho sølvmedaljen, Rosemarie Ackermann frå Aust-Tyskland tok gullet. I 1978-sesongen revansjerte ho seg på de austtyske utøvaren. Fyrst sette ho verdsrekord med 2,01 m i Brescia, og i friidretts-EM 1978 i Praha tok ho gullmedaljen då ho tangerte sin eigen verdsrekord.
Under dei olympiske leikane i Moskva i 1980 vann Simeoni gullmedaljen, der ho var åleine om å svinge seg over 1,97 m. To år seinare fekk ho ein bronsemedalje etter høgde-tevlinga i europameisterskapen i Aten, tyske Ulrike Meyfarth kopierte då Simeoni sin prestasjon frå førre EM ved å vinne EM-tittelen på ny verdsrekord, 2,02 meter.
Simeoni deltok i sitt tredje sommar-OL i Los Angeles i 1984. Her fekk ho sitt andre OL-sølv, atter vart Meyfarth vinnar av gulllmedaljen. I europameisterskapen 1986 lukkast ikkje Simeoni å kvalifisere seg til finalen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Sara Simeoni» frå Wikipedia på tysk, den 6. september 2014.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1953
- Italienske høgdehopparar
- Europameistrar i friidrett for Italia
- Olympiske meistrar for Italia
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Italia
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1976
- Italienske deltakarar under sommar-OL 1976
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1980
- Italienske deltakarar under sommar-OL 1980
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1984
- Italienske deltakarar under sommar-OL 1984
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984