Sara Slott Petersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sara Slott Petersen


Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 9. april 1987 (37 år)
Nykøbing Falster
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 400 meter hekk kvinner

Utmerkingar

Bestsellers Olympiske Håb

Sara Slott Petersen (fødd 9. april 1987) er ein dansk friidrettsutøvar frå Nykøbing Falster som deltek på sprintdistansane og i hekkeløp. Ho vart i 2016 europameister på 400 meter hekk, det fyrste EM-gullet teke av ein kvinneleg dansk friidrettsutøvar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Petersen sette i juli 2011 dansk rekord på 400 m hekk med 55,97 sekundar, ein rekord ho forbetra till 55,68 i polske Szczecin, like før Sommar-OL 2012 i London. I sjølve sommarleikane rauk ho ut i semfinalane, slik ho hadde gjort fleire gongar før i store meisterskap.

Sesongen 2015 gjorde Petersen veldige framsteg over langhekken, noko som toppa seg med tida 53,99 sekundar under DL-stemnet i Paris den 4. juli. Sju veker seinare vart ho nummer fire i øvinga ved friidretts-VM i Beijing, 0,18 sekundar bak bronsevinnaren. Under europameisterskapen 2016 i Amsterdam presterte Petersen sitt beste løp for sesongen, og vann ein rimeleg klar siger i finalen etter eit løp som varte i 55,12 sekundar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]