Sara Takanashi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sara Takanashi


Statsborgarskap Japan
Fødd 8. oktober 1996 (27 år)
Kamikawa
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2018

Sara Takanashi (fødd 8. oktober 1996) er ein japansk skihoppar frå småbyen Kamikawa på Hokkaido. Ho har vunne verdscupen i skihopping fire gongar og er den skihopparen som har sigra i flest hopprenn i verdscupen. Takanashi har åtte medaljar frå verdsmeisterskap og olympisk leikar, men ikkje ein einaste individuell gullmedalje.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Takanashi deltok som 14-åring i Ski-VM 2011 i Oslo og kom på sjetteplass. Fyrste sigeren i verdscupen i skihopping kom i mars 2012, i Zao i heimlandet. Frå 2013-sesongen tok Takanashi posisjonen som den suverent beste skihopparen på kvinnesida. Fram til 2017 dominerte ho internasjonal hoppsport, vann verdscupen fire gongar. I 2014-sesongen vann ho 15 av 18 individuelle renn og i 2016-sesongen steig ho til topps i 14 av 17 verdscup-renna. Pr 1.3.2022 står Takanashi med 61 individuelle verdscup-triumfar, fleire enn alle andre skihopparar.

Takanashi har delteke i seks verdsmeisterskap og to olympiske leikar. Til mange av meisterskapane har ho vore stor favoritt, utan ho har lukkast å vinne ein individuell gullmedalje. Einast i Ski-VM 2013 vart ho verdsmeister, då ho var med i det japanske mannskapet som vann mix-tevlinga.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Takanashi vart i 2017 tildelt Holmenkollmedaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]