Sara av Fleetwood Mac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sara
Singel av Fleetwood Mac
frå albumet Tusk
B-side

«That's Enough for Me»

Utgjeve 5. desember 1979
Innspelt 1978–79
Sjanger Pop, rock
Lengd 6:22
Selskap Reprise
Låtskrivar(ar) Stevie Nicks
Produsent Fleetwood Mac, Richard Dashut og Ken Caillat
Fleetwood Mac-kronologi 
«Tusk»
(1979)
Sara «Not That Funny»
(1980)


«Sara» er ein song skriven av songar-låtskrivar Stevie Nicks og gjeve ut av poprockband Fleetwood Mac i 1979 på albumet Tusk. Songen vart òg gjeven ut som singel i ei forkorta utgåve. Singelen nådde sjuandeplassen på den amerikanske singellista, 37. plassen i Storbritannia, 11. plassen i Australia og andreplassen i Canada.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Det har vore mange rykte om at songen handlar om ein abort Nicks hadde etter ho vart gravid med den dåverande kjærasten Don Henley.[1] Henley sjølv har føreslått denne tydinga av songen.[2][3] I eit intervju i 1979 sa Nicks «Om eg nokon gong får ei lita jente, skal ho heite Sara. Det er eit særs spesielt namn for meg.» Nicks stadfesta rykte 35 år seinare i eit intervju i september 2014 med Billboard Magazine. «Hadde eg gifta meg med Don og fått det barnet, og det hadde vore ei jente, så hadde ho heitt Sara.»[4][5]

Stevie Nicks skreiv songen på eit piano. Mick Fleetwood hadde vanskar med å legge trommer på songen, og nytta vispar for å få det til.[6]

Plagiatsøksmål[endre | endre wikiteksten]

I 1980, året etter songen kom ut, vart Stevie Nicks saksøkt for plagiat av Carol Hinton frå Rockford i Michigan. I 1978 hadde Hinto skrive ein song kalla «Sara», som ho hadde sendt til Warner Brothers, plateselskapet til Fleetwood Mac. Teksten i songen til Hinton og Stevie Nicks var liknande. Begge hadde linjene «Drowning in the sea of love» og «When you build your house, call me.» Stevie Nicks forsvarte søksmålet med å bevise at ho hadde skrive og spelt inn ein demoversjon av songen i juli 1978, månader før Hinton sendte teksten sin til Warner. Hinton gav til slutt opp og godtok at Nicks ikkje hadde stole songen hennar.[7]

Versjonar[endre | endre wikiteksten]

Versjonen av songen på den originale vinyl-utgåva var 6:22 lang, men då Tusk kom ut på CD første gongen i 1987, var det ei forkorta utgåve av songen på 4:37 som var med, der det midtre verset og mellomspelet er borte. Det var først i 1988 med Greatest Hits-samlinga at den fulle versjonen av songen vart tilgjengeleg på CD.

Det finst òg ein versjon kalla «the cleaning lady»-versjonen. Han har fått dette namnet fordi ein kan høyre Nicks sei i byrjinga av opptaket: «I don't want to be a cleaning lady!» Denne versjonen er nesten ni minuttar lang og vart gjeven ut på bonusplata som kom ut med Tusk i mars 2004.[8]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Lister (1979/1980) Plassering
Australia - Kent Music Report 11
Canadian Singles Chart 2
Tyskland 44
Frankrike 31
Nederland 10
New Zealand RIANZ 17
Sør-Afrika 18
UK Singles Chart 37
U.S. Billboard Hot 100 7

I andre media[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «CANOE - JAM! Henley, Don: Inside Don Henley». Jam.canoe.ca. 30. november 2004. Henta 11. august 2015. 
  2. «Fleetwood Mac». Bla.fleetwoodmac.net. Arkivert frå originalen 22. februar 2014. Henta 11. august 2015. 
  3. «Voices». Voices.yahoo.com. Arkivert frå originalen 7. mars 2014. Henta 11. august 2015. 
  4. http://www.billboard.com/articles/news/6266329/stevie-nicks-interview-on-don-henley-fleetwood-mac-24-karat-gold-album
  5. http://www.lifesitenews.com/news/stevie-nicks-confirms-she-wrote-hit-song-about-baby-she-aborted-with-don-he
  6. «Sara by Fleetwood Mac Songfacts». Songfacts.com. Henta 11. august 2015. 
  7. White, Timothy (3. september 1981). «With Her New Solo Album, Fleetwood Mac's Good Fairy Tries to Balance Two Careers - and Two Personalities». Rolling Stone. Henta 11. august 2015. 
  8. «Tusk (Deluxe Edition): Fleetwood Mac: Music». Amazon.com. Henta 11. august 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]