Zaragoza

Koordinatar: 41°39′N 0°52′W / 41.650°N 0.867°W / 41.650; -0.867
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Saragossa)
Zaragoza
Zaragoza
Zaragoza
Zaragoza
Flagget til Zaragoza Byvåpenet til Zaragoza
Flagget til Zaragoza Byvåpenet til Zaragoza


Plassering
Zaragoza is located in
Styresmakter
Land  Spania
Autonom region Zaragoza
Provins Aragón
Borgarmeister Jorge Azcón
Geografi
Flatevidd
 - By

1 062,64 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

682 283
  642,1 /km²
Koordinatar 41°39′N 0°52′W / 41.650°N 0.867°W / 41.650; -0.867
Høgd over havet 199 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 50001-50018
Nettstad: www.zaragoza.es


Zaragoza er ein spansk by som er hovudstad i den autonome regionen og det tidlegare kongedøme Aragón. Byen ligg ved elva Ebro. Zaragoza ligg i ein dal med eit veldig variert landskap som inneheld både ørken, eng og fjell.

Byen har kring 680 000 innbyggjarar og er den femte største byen i Spania. Byen husar meir enn 50 % av den argonske folkesetnaden. Byen har eit vegskilje mellom byane Madrid, Barcelona, Valencia og Bilbao.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Det tidlegaste kjende namn på byen er det puniske namnet Salduba. Då romarane okkuperte området fekk byen namnet Caesaraugusta.

Under muslimsk herredøme[endre | endre wikiteksten]

I 714 kom byen under muslimsk kontroll og fekk namnet Saraqusta. Byen blei seinare ein del av Córdoba-kalifatet og blei den største arabiske byen i Spania. I 777 prøvde Karl den store å overta byen men måtte vende attende etter å ha møtt organisert motstand frå forsvararane av byen, medan baskarar gjekk til åtak på hæren bakfrå.

Frå 1018 til 1118 var Zaragoza ein av Taifakongedøma, sjølvstendige muslimske statar som dukka opp på 1000-talet etter Córdoba-kalifatet fall. Dei tre første tiåra av denne perioden, frå 1018 til 1038 blei Zaragoza styrt av Banu Tujib-dynastiet. I 1038 blei dei erstatta med Banu Hud-dynastiet, som var med i ein komplisert allianse med El Cid av Valencia og hans kastiljanske meistrar mot almoravidane. Etter El Cid døydde vart kongedømet hans okkupert av almoravidane og innan 1100 kryssa dei Ebro. Banu Hud-dynastiet stod imot almoravidane men kunne ikkje hindre at byen vart okkupert i mai 1100. Den siste sultanen i Banu Hud-slekta, Abd-al-Malik Imad ad-Dawla rømde og allierte seg med det kristne kongedømet Aragón og frå tid til annan var det mange muslimar frå Zaragoza i den aragonske hæren.

Den aragonske æraen[endre | endre wikiteksten]

I 1118 erobra aragonerane byen frå almoravidane og gjorde han til hovudstad i kongedømet Aragón.

Zaragoza var åstad for to kontroversielle martyrdødsfall i samband med den spanske inkvisisjonen, Dominguito del Val, ein korgut i basilikaen, og Pedro de Arbués, overhovudet i inkvisisjonen.

Byen blei også utsett for to kjende omleiringar under napoleonskrigane, den første frå juni til august i 1808, den andre frå desember 1808 til februar 1809.

Under den spanske borgarkrigen prøvde Durruti-kolonnen under leiing av Buenaventura Durruti å ta byen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Zaragoza har middelhavsklima. Den årlege nedbøren ligg på 310 mm. Det regnar mest om våren, medan det er tørke om sommaren. Då kan temperaturen kome opp i 40 °C, medan han om vinteren ligg mellom 0 og 10 °C. Grunnen til dette er anten tåke eller kalde nordlege vindar.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til ein fordelaktig geografisk plassering etablerte General Motors ein Opel-fabrikk i ein landsby i nærleiken av Zaragoza i 1982. Med ein stadig nedgang i jordbruksinntekter har denne fabrikken blitt ein av grunnsteinane i økonomien i regionen, saman med eit par andre større fabrikkar. I 2008 nøyt Zaragoza òg godt av prosjekta knytte til Expo 2008. Zaragoza har alltid vore eit knutepunkt i Spania, noko som vart forsterka ved grunnlegginga av høgsnøggleikssjernbanenettverket i 2003.

Zaragoza er heimen til ein av basane til det spanske luftforsvaret (som inntil 1992 var delt med USA.) Byen er òg det spanske forsvaret sin hovudbase.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Segna om byrjinga av kristendommen i Spania er tett knytt til Zaragoza. I følgje segna skal Jomfru Maria ha vist seg for Apostelen Jakob den 2. januar i år 40 e.Kr. Segna vert minna i den kjende katolske basilikaen Nuestra Señora del Pilar.

Sport[endre | endre wikiteksten]

Zaragoza samarbeida tett med Jaca då Jaca prøvde å bli arrangørby for Vinter-OL 2014. Zaragoza ville ha vore vert for opning -og avslutningsseremonien, I tillegg ville dei fleste idrettane som går føre seg på is vore i byen.

Toppfotballklubben Real Zaragoza spelar i Primeira Division. Klubben har mellom anna vunne Cupvinnarcupen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Zaragoza
Reiseguide for Zaragoza frå Wikivoyage