Hopp til innhald

Sarah Ferguson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sarah Ferguson

FøddSarah Margaret Ferguson
15. oktober 1959
London Welbeck Hospital
Titteluniversitetskansler, hertuginne av York
Alle titlarbritisk prinsesse, hertuginne av York
AliasFergie
Hus eller slektWindsor
LandStorbritannia
MorSusan Mary Wright
FarRonald Ferguson
EktefelleAndrew av York (1986–1996)
BarnPrinsesse Beatrice, Prinsesse Eugenie

Sarah Margaret Ferguson (fødd 15. oktober 1959), kjend som Fergie, er ein britisk forfattar og den tidlegare kona til hertug Andrew av York.

Ho vart fødd som dotter av Ronald Ferguson og den fyrste kona hans, Susan Mary Wright. Ho har aristokratisk bakgrunn, og er gjennom farmora si slektning av hertuginne Alice av Gloucester, ei tante av dronning Elizabeth II av Storbritannia.

23. juli 1986 gifta ho seg med prins Andrew. Han fekk tittelen «hertug av York» og Sarah vart «hertuginna av York». Paret vart skilt i 1996, og Sarah mista tiltaleforma «den høgvørde» og vart degradert til «hertuginne Sarah av York».

Hertugparet av York fekk to born:

Etter skilsmissa var Sarah Ferguson mellom anna programleiar for sitt eige talkshow. Ho har òg skrive ein sjølvbiografi, My story, fleire barnebøker og livsstilsbøker.