Sarah Thonig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sarah Thonig
Fødd 16. februar 1992
München
Yrke teaterskodespelar, filmskodespelar

Sarah Agrippine Thonig[1] (fødd 16. februar 1992) er ein tysk skodespelar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Thonig spelte først skodespel på skoleteater og deltok etter kvart i amatørteateroppsettinga ved teateret i Dachau, i tillegg til at ho deltok på diverse dramaworkshoppar. Da ho var med i amatørteater arbeida ho med eit teaterprosjekt med handicappa og var med i fleire teaterspel ved Ludwig-Thoma-Haus i Dachau. I sommeren i 2011 gjekk ho på teater-sommarakademiet Schauspiel München.[2]

Etter at Thonig fekk vitnemålet sitt etter å ha fullført abitureksamen, blei ho mellom 2011 og 2014 medlem av ensemblet ved Residenztheater i München. Der spelte ho to hovudroller, Ingrid i Rainer Werner Fassbinder sitt spel Katzelmacher og Lou i DNA av Dennis Kelly.[2] Thonig var også ein del av ensemblet til Frühlingserwachen - Live almost, die young, som er ein moderne versjon av Frühlings Erwachen, som vart skapt av Nuran David Calis.[2]

I 2003 starta skodespelarkarrieren hennar i film.[2] Frå 2012 dukka ho opp igjen på TV og i film.[2] Frå 2015 spelte Thonig ei permanent rolle i TV-serien Die Rosenheim-Cops.[3] Der speler ho Christin Lange, ein av to resepsjonistar i Rosenheims politidepartement, samen med Ursula Maria Burkhart, som speler medresepsjonisten hennar Marianne Grasegger.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

TV-seriar[endre | endre wikiteksten]

  • Salzburger Land (2014)
  • Heiraten macht mich nervös (2005)
  • Dahoam is Dahoam (2012)
  • Lebenslänglich Mord (2012, Die kleine Königin)
  • Hotel 13 (2014, 49 episodar som hovedpersonen Liv Sonntag)
  • Aktenzeichen XY … ungelöst (2014)
  • Alles was zählt (2014, gjesterolle som Susi Carstens)
  • Sturm der Liebe (2015, gjesterolle som Becky McPherson)
  • Der Alte (2015, Die Puppenspieler)
  • Die Rosenheim-Cops (siden 2015)
  • Wilsberg (2017, gjesterolle i Die fünfte Gewalt)

Teaterspel[endre | endre wikiteksten]

  • Katzelmacher (2012, regissert av Anja Sczilinski, Residenztheater München)
  • DNA (2013, regissert av Anja Sczilinski, Residenztheater München)
  • Frühlingserwachen – Live fast, die young (2014, regissert av Anja Sczilinski, Residenztheater München)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. «Sarah Thonig bei Hotel 13». Starflash.de. Henta 13. mars 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Sarah Thonig - Schauspielerin». www.schauspielervideos.de (tysk). Henta 13. mars 2017. 
  3. «Rosenheim-Cops: Sarah Thonig (23) wirbelt als Cheerleaderin». BILD.de (tysk). Henta 13. mars 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]