Sarat Ubaida guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sarat Ubaida guvernement
guvernement
Land  Saudi-Arabia
Koordinatar 18°05′05″N 43°08′19″E / 18.084764°N 43.138569°E / 18.084764; 43.138569
Kart
Sarat Ubaida guvernement
18°05′05″N 43°08′19″E / 18.0848°N 43.1386°E / 18.0848; 43.1386

Sarat Ubaida guvernement (arabisk: محافظة سراة عبيدة) ligg sørvest i Saudi-Arabia og er eit av tolv guvernement i 'Asir-regionen.

Stad[endre | endre wikiteksten]

Sarat Ubaida ligg ved den internasjonale vegen Khamis Mushayt sørvest i Saudi-Arabia. Sarat Ubaida ligg nord for grensa til Jemen. Han ligg 93 km frå byen Abha og 40 km frå byen Dhahran Aljanoub. Han har kring 273 landsbyar med eit samla folketal på kring 3 060 og eit areal der planløysinga, som vart starta i 1417, er kring 4 200 mål. Regionen er kring 120 km lang og 38 km brei, med eit areal på 450 km².

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området har ei 2 000 år lang historie. Namnet kjem frå Sarat, som tyder «geografisk plassering», og Obeida frå dronning Obeida, kona til kongen av Jemen. Sarat Obeida har vore ein handelsstasjon og har blitt eit senter for marknader og yngleplass for karavaner Almsaferah-linja passerer gjennom regionen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Sarat Ubaida har eit variert klima. Her er både milde og kalde vintrar. Sommaretemperaturen er kring 25 °C, og om vinteren kring 5 °C og får moderat med nedbør. Gjennomsnittleg råme er 45 %. Vinden tihama qahtan, som er varm om sommaren og moderat om vinteren, bles i regionen. Regionen er fjellendt og stundom er det tåke i fjellsidene ved Altdarisi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]