Sarawatfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 18°16′N 42°22′E
Sarawatfjella
fjellkjede
The Ridges of Sarawat Mountains.jpg
Sarawatfjella sett frå Habaladalen.
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia, Flag of Yemen.svg Jemen
Koordinatar 18°16′N 42°22′E
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg

Sarawatfjella eller Sarat (arabisk جبال السروات) er ei fjellkjede som går parallelt til vestkysten av Den arabiske halvøya og er blant dei mest markante geografiske områda på halvøya. Fjellkjeda er den største på Den arabiske halvøya. Fjella er hovudsakleg nakne, men kan ha noko vegetasjon. Mange av toppane er forholdsvis unge og kvasse, medan andre er jamnare på grunn av forvitring.

Sarawat startar ved grensa til Jordan i nord til Adenbukta i sør og går gjennom Saudi-Arabia og Jemen. Den nordlege halvdelen av fjellkjeda, kalla Sarat al-Hejaz er sjeldan over 2 100 moh., medan dei midtre og sørlege delane (Sarat 'Asir og Sarat al-Jemen) har høgder på over 3 300 moh.

Ta'if-fjella

Den nordlege delen går frå kring nord for Ta'if gjennom det vestlege Saudi-Arabia fram til sørenden av Saudi-Arabia. Somme hevdar at fjella i Libanon og vestlege Syria er eit framhald av denne fjellkjeda. Det er i hovudsak eit noko høgareliggande område enn resten av Saudi-Arabia, med unntak av Asir, og ein finn fleire obskure landformer her. Høgda er i snitt kring 1200 til 2000 meter over havet, medan dei høgaste toppane er kring 2400 moh.

Etter Medina verkar fjellkjeda å løyse seg opp før ho dukkar opp att kring Ta'if. Lenger sør, nedanfor Ta'if, ligg den saudiarabiske Asir-regionen, der høge fjell når opp til nær 3 000 meter. Jabal Sawda vert sagt å vere det høgaste på 2 982 meter over havet. Sjølv denne delen av Sarawatfjella er omtrent som ei stor klippe som strekkjer seg opp frå kystsletta Tihamah.

Bilete frå ISS-36 mot det sørvestlege Saudi-Arabia.

Nær grensa til Jemen byrjar Sarawat å spreie seg ut til individuelle toppar, og Hejaz heller gradvis oppover mot det jemenittiske platået. Alle fjella over 3 000 moh. ligg i Jemen. Det høgaste av desse er Jabal an-Nabi Shu'ayb, som er det høgaste fjellet på Den arabiske halvøya. Det har ei høgd på 3 666 moh. og ligg nær hovudstaden Sana'a. I Jemen er Sarawat delt mellom dei vestlege og sentrale høglanda, der dei vestlege høglanda får rikeleg med nedbør, meir enn nokon annan stad på halvøya, og det sentrale høglandet har dei høgaste fjella på heile halvøya. Ein særs dramatisk del av dei jemenittiske Sarawatfjella er Harazfjella, der eit par av toppane er 3 000 moh. Somme av fjella stig frå kring 500 moh til 2 800-3 300 moh.

Geologisk er Sarawat er ein del av det arabiske skjoldet, og består hovudsakleg av vulkanske bergartar. Vestsida fell bratt ned til kysten av Raudehavet, medan austsida av fjellkjeda heller slakt nedover og vert kryssa av wadiar, der det finst noko jordbruk, særleg på sørsida av Sarawat, der fjellsida har monsun.

Av byar i Sarawat finn ein Mekka, som ligg i ein dal omtrent midt i Sarawatfjella, og den jemenittiske hovudstaden San'a, som ligg nær somme av dei høgaste fjella i Sarawat.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]