Sarissa

Sarissa (gresk σάρισα) var eit 4 til 6 meter langt spyd med to tuppar som blei brukt av den makedonske falanksen.
Den store lengda var ein fordel mot hoplittar og andre soldatar som bar mindre våpen, fordi dei måtte koma seg forbi sarissaen for å angripa falanksen. Den tette formasjonen til falanksen skapte ein «vegg av spyd», og spydet var langt nok til at det var fem rekker med spyd framfor dei fremste mennene. Sjølv om fienden kom seg forbi den fyrste rekkja, var det framleis fire att til å stoppa han. Den makedonske falanksen blei rekna som nesten uovervinneleg frå fronten, unntatt mot ein tilsvarande falanks. Den einaste måten ein vanlegvis kunne nedkjempa han på var ved å bryta formasjonen eller angripa frå sidene.
Oppfinninga av sarissaen blir kreditert til Filip, faren til Aleksander den store. Filip drilla mennene sine til å nytta desse formidable spyda med to hender. Den nye taktikken var ikkje til å stoppa, og på slutten av styret til Filip kontrollerte det tidlegare svake makedonske kongedømmet heile Hellas, Epirus og Trakia.
Sonen til Filip, Aleksander, brukte den nye taktikken gjennom Asia og erobra Egypt, Persia og Pauravas (nordvestlege India), der han sigra heile vegen. Sarissa-falanksane var avgjerande i alle slag, inkludert i det avgjerende slaget ved Gaugamela der den persiske kongen sine brutale stridsvogner med ljå blei knuste av falanksen. Sarissaen blei verande grunnstammen i alle hellenistiske hærar fram til Roma voks fram som ei større makt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sarissa» frå Wikipedia på bokmål, den 7. august 2026.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Lane Fox, Robin (1973): Alexander the Great. Penguin. ISBN 0-14-008878-4.
- M. Markle, III, Minor (Sommer 1977): «The Macedonian Sarrissa, Spear and Related Armor» i: American Journal of Archeology (Archeological Institute of America) 81 (3), s. 323–339.