Sarm Studios

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

SARM Studios (tidlegare kalla SARM West Studios) er eit platestudio i Notting Hill i London. Studioet vart oppretta av Chris Blackwell, grunnleggaren av Island Records, og heitte opphavleg Basing Street Studios. Det har òg tidlegare vorte kalla Island Studios.

Studioa vart bygd i ei tidlegare kyrkje som ikkje lenger er i bruk, og Blackwell spelte inn musikk med fleire artistar der for Island Records, som Iron Maiden, Bob Marley, Steve Winwood, Free, Bad Company, Robert Palmer, Jimmy Cliff, Nick Drake, Fairport Convention, King Crimson, John Martyn, Mott the Hoople, Quintessence, Roxy Music, Brian Eno, Sparks, Cat Stevens, Spooky Tooth, Traffic, If, Jethro Tull, Average White Band og Sensational Alex Harvey Band.

Studioet vart òg nytta av andre artistar som ikkje var på Island Records, som The Clash, Pet Shop Boys, KT Tunstall, Depeche Mode, The Eagles, Dire Straits, East 17, Boyzone, Emerson, Lake & Palmer, The Rolling Stones, Genesis, Led Zeppelin, Joan Armatrading og Lighthouse Family.

I 1970 vart to kjende album spelte inn i studioa samstundes: Led Zeppelin sitt Led Zeppelin IV og Jethro Tull sitt Aqualung.[1] Bob Marley & The Wailers og the Rolling Stones var òg i studioa samstundes ei stund i 1973. Marley budde eit år i ein leilegheit over SARM, og den personlege kokken hans var kokk ved SARM det meste av 1980-åra. Queen leigde studioet sommaren 1977 og spelte inn det meste av albumet deira News of the World der, inkludert hitten «We Are the Champions». Domkyrkjeorgeleg på George Michael-albumet Faith vart òg spelt inn der.

I november 1984 vart Studio 1 ved Sarm West nytta for innspelinga av «Do They Know It's Christmas» av Band Aid til støtte for sveltekatastrofen i Etiopia 1984-1985.

Studioa er i dag eigd av SPZ Group, som er eit eigarselskap eigd av Trevor Horn og kona hans Jill Sinclair. Sarm Studios husar òg kontora til dei SPZ-eigde plateselskapa ZTT Records og Stiff Records, og forlaga Perfect Songs og Unforgettable Songs.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Their Time is Gonna Come", Classic Rock Magazine, December 2007

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 51°31′3″ N 0°12′18″ W