Sarnesfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Store Altsula heilt ytst i Sarnesfjorden med Porsangerfjorden og Sværholthalvøya i bakgrunnen

Sarnesfjorden er ein fjord på søraustsida av Magerøya i Nordkapp kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4,5 km nordvestover til Sarnespollen i botn av fjorden og kan reknast som ein fjordarm av Porsangerfjorden

Fjorden har innløp mellom Bismarhallen i vest og øya Store Altsula i aust. Fiskeværet Sarnes ligg på nordsida av fjorden og har gjeve fjorden namn. Ei rekkje viker dannar den indre delen av fjorden. Frå nord til sør finn ein Sarnespollen, Olearnsvika, Studentervika og Kobbholet.

Europaveg 69 går langs delar av fjorden.

Koordinatar: 70°58′15.218″N 25°44′37.367″E