Sarpsborg kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sarpsborg kyrkje
kyrkje
Sarpsborg kyrkje
Foto: Kvikk
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Borg
Prosti Søndre Borgesyssel
Sokn Sarpsborg
Fellesråd Sarpsborg
Arkitekt Christian Heinrich Grosch
Teknikk Mur
Material Teglstein
Innvigd 1863
Tårn I nordvest
Kyrkjegard Lagt ned
Preikestol Teikna av Chr.H. Grosch
Døypefont I sandstein, teikna av Wilhelm von Hanno
Sitjeplassar 550
Diverse Glasmåleri av Karl Kristiansen (1918), Rolf Klemetsrud (1951) og Victor Sparre (1958), dei siste i koret
Kart
Sarpsborg kyrkje
59°16′57″N 11°06′40″E / 59.2824°N 11.111°E / 59.2824; 11.111
Wikimedia Commons: Sarpsborg kirke
Korpartiet i Sarpsborg kyrkje
Sarpsborg kyrkje - interiør mot vest

Sarpsborg kyrke er ei nygotisk langkyrkje i upussa tegl frå 1863 i Sarpsborg kommune i Østfold fylke. Ei kyrkje frå 1859 (arkitekt: Wilhelm von Hanno[1]) brann allereie i 1861, og Chr.H. Grosch fekk i oppdrag å byggje opp att kyrkja. Han inkorporerte delar av murane frå von Hanno si kyrkje i den nye kyrkja, som har 550 sitjeplassar i dag.

Kyrkja fekk si noverande framtoning då ho vart sett i stand til hundreårsjubileet i 1959 etter ein plan av arkitekt Esben Poulsson. Då laga Victor Sparre glasmåleri til korvindauga, og det altarbiletet som hadde vore i bruk til då, vart flytta til eit sideskip. Biletet vart måla av Christen Brun i kopi etter altarbiletet i Tyristrand kyrkje (måla av Adolph Tidemand).

Området rundt kyrkja vert ikkje lengre nytta til kyrkjegard, men er gjort om til park. Det finst to andre kyrkjegardar (eller gravlundar) i byen, ved krematoriet (St. Olavs gravlund) og ved Tune kyrkje (Sarpsborg vestre gravlund).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Artemisia.no nemner også Heinrich Ernst Schirmer i samband med kyrkja.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]