Sarta
Sarta | |||
سرطّه | |||
kommune | |||
Namneopphav: Serta[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Salfit guvernement | ||
Koordinatar | 32°06′15″N 35°05′25″E / 32.10417°N 35.09028°E | ||
Areal | 5 580 km² | ||
Folketal | 2 530 (2007) | ||
Sarta 32°06′15″N 35°05′25″E / 32.104166666667°N 35.090277777778°E | |||
Kart som viser Sarta.
| |||
Wikimedia Commons: Sarta |
Sarta (arabisk سرطّه) er ein palestinsk by som ligg i Salfit guvernement nord på Vestbreidda, 22 kilometer sørvest for Nablus. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde han eit folketal på kring 2 530 i 2007.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Sarta ligg på ein gammal stad, der cisterner og kolumbarium er hogde ut i fjellet.[3]
Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 oppført i skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde då eit folketal på seks hushaldningar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, geiter og bikubar.[4]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1870, og noterte 40 hus, somme i betre stand enn andre. Steinhusa var både raude og kvite. Fleire gamle cisterner hogde ut i berget, gav vatn til innbyggjarane.[5] I «Survey of Western Palestina» i 1882, vart Serta skildra som ein liten steinlandsby.[6]
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Sarta eit folketal på 275 muslimar og ein jøde,[7] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 76 busette hus og eit folketal på 317, alle muslimar.[8] I 1945 var folketalet 420 arabarar, medan det samla landarealet var 5 584 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[9] Av dette var 1 858 for plantasjar og irrigert land, 766 for korn,[10] medan 23 mål var klassifisert som utbygde område.[11]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sarta» frå Wikipedia på engelsk, den 20. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Dauphin, Claudine (1998). La Palestine byzantine, Peuplement et Populations, Vol. III : Catalogue. BAR International Series 726. Oxford: Archeopress.
- Guérin, Victor (1875). Description Géographique, Historique et Archéologique de la Palestine. Vol 2: Samarie, pt 2.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- ↑ Palmer 1881, s. 241
- ↑ 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 112.
- ↑ Dauphin, 1998, s. 811
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 135.
- ↑ Guérin, 1875, s. 146
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, s. 287
- ↑ Barron, 1923, Table IX, UnderNablus sanjak, s. 26
- ↑ Mills, 1932, s. 65
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 61
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 107
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 158