Sartor Storsenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sartor Senter)
Sartor Storsenter
Offisielt namnSartor Storsenter
Opna16. november 1978
Butikkarca. 115
Kart
Sartor Storsenter
60°21′34″N 5°07′27″E / 60.3595°N 5.1242°E / 60.3595; 5.1242

Sartor Storsenter er eit kjøpesenter som ligg på tettstaden (Straume) på øya Litlesotra, kommunesenteret i (Fjell) kommune ca. 15 km vest for Bergen sentrum, og er ein del av Sotra Kystby. Senteret vart opna 16.november 1978 og har no ca. 115 butikkar. Senteret er eigd og drifta av Sartor Holding og Olav Thon Gruppen. Senteret har blitt utvida og renovert fleire gonger i årenes løp, og opna første del av senteret 20. november 2014. Sotra Kino og Sotra Vitensenter, egen versjon av VilVite, opna 22. mai 2015 (VilVite blei avvikla i 2017). 16. juni 2016 opna siste del av senteret, og fekk da samlet areal på 93 000 kvm.

Senteret er det største senteret på Sotra og det har over 10 000 besøkande kvar dag.

Ordet «Sartor» stammar frå ei dansk omskriving av namnet på øya Sotra. Denne skrivemåten er ikkje lenger i bruk med unntak av nokre firma: Sartor Holding AS, Sartor Maskin, Sartor Tannlegesenter, Sartor VVS og Sartor Skytterlag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]