Sary su

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sary su (òg kalla Sary-Sû og Sarsa) er ei elv sentralt i Kasakhstan. Ho spring ut frå Atasu og renn stort sett vestover til Kzyl-Dzjar der ho snur sørvestover forbi Birlestik og Zjanabas, og så meir rett sørover der ho endar opp i ei rekkje små innsjøar kalla Ozera Segiz eller Segizsjøane. Desse er ofte uttørka. Tidlegare var ho ei sideelv til Syr-Darja, noko ho kanskje framleis er via undergrunnselvar. Vatnet forsvinn derimot frå overflata meir enn 100 km frå Syr-Darja. Namnet Sary su tyder «gult vatn» på tatarsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]