Satellitten SCORE

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
SCORE på oppskytingsrampa
Julehelsinga til Eisenhower

SCORE (stutt for Signal Communication by Orbiting RElay) var ein amerikansk satellitt meint å visa fram eit satellittkommunikasjonssystem, og å røyna ut vanskar med eit slikt system. Satellitten vart skoten opp 18. desember 1958 med ein Atlas-rakett. Han hadde med seg ein bandopptakar, og gjennom denne vart sendt ut ei julehelsing frå president Dwight D. Eisenhower.

Satellittkroppen var del av Atlas-raketten, og fungerte sjølv som antenne.

SCORE verka som venta og utrøyningane om bord var verksame i 12 dagar. Det var planlagt at SCORE ville vera i jordbane i 20 dagar, men faktisk tid i bane var 35 dagar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]