Navigasjonssatellitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Satellittnavigasjon)
Døme på bruka av navigasjonssatellittar.

Ein navigasjonssatellitt er ein kunstig satellitt som sender signal til primærplaneten til bruk i navigasjon.

Alle dagens navigasjonssatellittsystem består av konstellasjonar av mange satellittar. NAVSTAR Global Positioning System (dette systemet vert omtalt i daglegtalen som «GPS») består av kring 27 operative satellittar. Desse sender signal samstundes slik at ein får krysspeila posisjonen sin på jorda. Systemet har opphavet sitt i det amerikanske militæret, men har no flest sivile brukarar. Det russiske systemet Glonass nyttar eit system som er svært likt GPS. Den siste av dei 24 satellittane i GLONASS vart skoten opp frå Plesetsk kosmodrom 3. oktober 2011.[1] GPS og Glonass krinsar i 20 000 km høge banar.

Galileo-satellittane er eit sivilt europeisk program. Dei 30 satellittane krinsar i 23 222 km høge banar. Dei to første operasjonelle satellittane vart skotne opp i oktober 2011.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Russia restores its orbital GLONASS group - offficial (sic) The Voice of Russia
  2. Første Galileo-satellitter opp i oktober Arkivert 2011-10-13 ved Wayback Machine. – Norsk romsenter