Satoru Iwata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Satoru Iwata

Statsborgarskap Japan
Fødd 6. desember 1959
Sapporo
Død

11. juli 2015 (55 år)
Kyoto

Yrke gründer, spelutviklar, videospelprodusent, ingeniør, informatikar, ansvarlig produsent
Språk japansk, engelsk
Far Hiroshi Iwata
Satoru Iwata på Commons

Satoru Iwata (6. desember 195911. juli 2015) var ein japansk forretningsmann, dataspelprogrammerar, dataspeldesignar og produsent. Han var den fjerde presidenten og administrerande direktør hjå Nintendo.

Iwata vart fødd i Sapporo i Japan, og uttrykte interesse for dataspel som ung og skapte sitt fyrste enkle spel medan han gjekk på vidaregåande. Han tok hovudfag i informatikk ved Tokyo Kogyo-universitetet. I 1980 vart han tilsett hjå dataspelutveklaren HAL Laboratory medan han gjekk på universitetet. Hjå HAL arbeidde han som programmerar og samarbeidde tett med Nintendo, og produserte sitt fyrste kommersielle dataspel i 1983. Spel som han bidrog til femner Earthbound og Kirby-serien. Etter ein nedgangsperiode og ein nær konkurs, vart Iwata president i HAL i 1993 etter at Nintendo-presidenten Hiroshi Yamauchi insisterte og brakte finansiell stabilitet til selskapet. Dei påfølgjande åra arbeidde han i utviklinga av Pokémon- og Super Smash Bros.-seriane. Iwata vart tilsett hjå Nintendo i 2000 som leiar av avdelinga for forretningslanlegging.

Nintendo opplevde vekst under Iwata og han vart president i mai 2002, etter at Yamauchi gjekk av. Under perioden til Iwata utvikla Nintendo konsollane Nintendo DS og Wii, som hjelpte selskapet å oppnå finansiell suksess. Som sjølverklært gamer fokuserte han på å utvide appellen til dataspel på tvers av aldersgrupper gjennom forretningsstrategien «blue ocean». Nintendo oppnådde rekordhøge inntekter innan 2009, og tidsskriftet Barron's rangerte Iwata som ein av dei 30 mest suksessrike administrerande direktørane internasjonalt. Iwata utvida strategien ved å definere ei «quality-of-life»-produktlinje for Wii som utvikla seg til ein tiårig strategi for å lage einstaka produkt. Seinare maskinvare som Nintendo 3DS og Wii U viste seg å vere lagt mindre lønsame enn Wii, og nettosalet til Nintendo fell med to tredelar frå 2009 til 2012, som førte til at selskapet opplevde driftstap for fyrste gong på 30 år. Iwata halverte frivillig lønna si i 2011 og 2014. I 2015, etter fleire år med vegring, retta Iwata noko av Nintendo sitt fokus mot den raskt veksande marknaden for mobilspel. Eit forretningsmessig partnerskap vart inngått med DeNA mars det året. Gjennom karrieren sin bygde Iwata opp eit forhold med Nintendo-fanskaren gjennom sosiale medium og regelmessige opptredenar i Iwata Asks og Nintendo Direct, slik at han vart det offentlege andletet til selskapet.

I juni 2014 vart ein svulst i gallegangen til Iwata oppdaga under ei rutinemessig fysisk undersøking. Svulsten vart fjerna og Iwata returnerte til arbeidet sitt i oktober same året. Problemet dukka opp att i 2015 og Iwata døydde 55 år gamal av komplikasjonar den 11. juli. Medlemmar av spelindustrien og fans gav hyllester gjennom offentlege fråsegner og sosiale medium, og fans verda over lagde mellombels minnesmerke. Iwata var etter døden tildelt prisen Lifetime Achievement Award under Golden Joystick Awards i 2015 og D.I.C.E. Awards i 2016.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Satoru Iwata
Commons har multimedium som gjeld: Satoru Iwata