Satumaa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Satumaa» (tyder noko slikt som «Eventyrlandet») er ein finsk tango som er særs kjend i Finland. Han vart skriven av Unto Mononen og publisert i 1955. Den mest kjende innspelinga var truleg gjort av Reijo Taipale i 1962. Teksten fortel om eit fjerntliggande land bortafor havet — eit lukkeleg paradis — however, og forteljaren kan berre nå det i draumane sine. Songen er spelt inn mange gonger, hovudsakleg av finske mannlege tangosongarar.[1]

Ein uventa og uvanleg versjon av «Satumaa» (og truleg den versjonen som er mest kjend utafor Finland) vart spelt av Frank Zappa på ein konsert i Helsinki i 1974 og finst på You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 2. Bandet spelar songen frå notar og den (ikkje-finsktalande) vokalisten Napoleon Murphy Brock prøver så godt han kan å synge den finske teksten.[2][3] Dweezil Zappa og bandet hans Zappa plays Zappa spelte songen på konsertane deira i Helsinki i 2009 og 2013.

Namnet «Satumaa» er òg nemnt i ein poprocksong «Satumaa-tango» av finske Maija Vilkkumaa.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Finnish music quarterly Esittävän säveltaiteen edistämiskeskus (Finland), Luovan säveltaiteen edistämissäätiö (Finland), Sibelius-Akatemia (Helsinki, Finland) - 1991
  2. Miler, Barry: «Frank Zappa», Finnish edition, Johnny Kniga Kustannus, 2004, s.433 ISBN 978-951-0-32251-2
  3. You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 2 (1974) by Frank Zappa Disc 2, track 3.