Saturday in the Park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Saturday in the Park
Singel av Chicago
frå albumet Chicago V
B-side

«Alma Mater»

Utgjeve Juli 1972
Innspelt September 1971
Sjanger Rock, jazzfusion
Lengd 3:56
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Robert William Lamm
Produsent James William Guercio
Chicago-kronologi
«Questions 67 and 68» /
«I'm A Man»
(1971)
Saturday in the Park «Dialogue
(Part I & II)
»
(1972)


«Saturday in the Park» er ein song skriven av Robert Lamm og spelt inn av gruppa Chicago i 1972 for albumet Chicago V.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Saturday in the Park» gjorde det særs godt då han kom ut og nådde tredjeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100,[1] den høgaste plasseringa bandet hadde hatt til då, og dette var med på å løfte albumet opp til toppen av albumlista.[2] Billboard rangerte songen på 76. plassen for heile 1972.[3] Singelen selde til gullplate for 1 million selde eksemplar i USA aleine.[4]

I følgje Chicago-medlemmet Walter Parazaider, vart Lamm inspirert til å skrive songen under innspelinga av V i New York City den 4. juli 1971 (ein sundag):

« Robert kom attende til hotellet etter ein tur til Central Park og var begeistra etter å ha sett ei gruppe steel-trommer, songarar, dansarar og gjøglarar. Eg sa 'Du må lage musikk til dette![5] »

Linja «singing Italian songs» vert etterfølgd av «Eh Cumpari» og så fleire ord på tulle-italiensk, som i teksten på omslaget berre står som «?». Men i ein film av ein konsert der Chicago spelar «Saturday in the Park» i Arie Crown Theater i Chicago i 1972, er det tydeleg at Robert Lamm syng, «Eh Cumpari, ci vo sunari,» den første linja av songen «Eh, Cumpari!», som vart gjort kjend av Julius La Rosa i 1953.

«Saturday in the Park» har blitt brukt i ein populær reklamefilm i Japan. Songen vert òg spelt ved fleire baseball-stadion i USA når det er kampar på laurdag ettermiddag.

Pianoriffet i opninga vart sampla av Jill Sobule for songen hennar «Cinnamon Park» i 2004 på, Underdog Victorious.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn denne songen er

  • Det australske bandet The Nissan Cedrics på albumet deira Going for a Song (1997)
  • Det amerikanske acapella-bandet Xtension Chords på albumet deira The Best of X (2003)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]