Saturnmånen Yme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Saturnmånen Ymir)
Gå til: navigering, søk
Yme
Oppdaging[1]
Oppdaga av Brett J. Gladman med fleire
Oppdagingsdato 7. august 2000
Baneskildring[2]
23 140 400 km
Eksentrisitet 0,3337
1 315,58 dagar (3,60 år; retrograd)
Banehelling 171,661°
Satellitt av Saturn
Fysiske eigenskapar
Snittdiameter
18,0 km (om albedoen er 0,06)[2]
Masse 4,9456 × 1015[2]
2,3 g/cm³[2]
Albedo 0,06 (synleg geometrisk)[3]

Yme er ein av månane til planeten Saturn. Han blei oppdaga i august 2000 med teleskopet ESO/MPI frå det sørlege europeiske observatoriet i Chile og fekk den mellombelse nemninga S/2000 S 1. Månen er òg kjent under nemninga Saturn XIX. Seinare har Den internasjonale astronomiske unionen vedteke å kalla han opp etter jotunen Yme frå den norrøne gudelæra. Dette braut med tradisjonen John Herschel hadde starta i 1847 med å kalla opp saturnmånar etter titanane, men følgjer likevel temaet med kjemper frå ein gammal mytologi.

Samanlikna med andre saturnmånar har Yme har ein forholdsvis høg massetettleik, og ein trur han er sett saman av ei blanding av vassis og steinmateriale. Månen har ei temmeleg mørk overflate som berre kastar tilbake 6 % av lyset som treffer ho.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Planet and Satellite Names and Discoverers - Gazetteer of Planetary Nomenclature
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Ymir: Facts & Figures - NASA Solar System Exploration
  3. Saturnian Satellite Fact Sheet - NSSDC