Saudafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saudafjorden

Saudafjorden er ein sidefjord til Sandsfjorden i Suldal og Sauda kommune i Rogaland og i lag med Hylsfjorden ein av dei inste fjordane i Boknafjorden og den nordlegaste delen av Boknafjorden. Fjorden strekker seg 16 km frå innløpet ved Tangen og nordaustover til Sauda.

Det ligg enkelte bruk på både aust og vestsida av fjorden. På vestsida ligg dei fleste langs riksveg 520 om lag 80 meter over fjorden. Den første større staden er grenda Solland på vestsida, medan grendene Moldatveit, Grave og Molda ligg tvers over på andre sida. Fjorden går her om lag rett nordover, men snur nordaustover like før han når inn til sjølve Sauda. Rett vest for sentrum av Sauda ligg Saudasjøen og tettstaden Sandviksåsen.

På det djupaste er fjorden nesten 400 meter og han har ingen markerte tersklar.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Inst i fjorden ligg Sauda Smelteverk som i 1981 m.a. tilførte fjorden om lag 100 tonn mangan (der 75 tonn kunne filtrerast), om lag 25 tonn sink (nesten 100 % kunne filtrerast) samt om lag 2 tonn PAH. Fjorden ber preg av å vere sterkt forureina, og den inste delen av fjordbotnen er dekt med eit fleire meter tjukt lag av sediment som består av avfallsstoff som er dumpet av Sauda Smelteverk. Dumpinga pågjekk frå 1912 og fram til slutten av 1980-talet. PAH og tungmetallutslepp vert akkumulert i skjel og fisk. Omfattande tiltak er sett i gang for å snu utviklinga, og fjorden har vorte mykje reinare i løpet av dei siste 20 åra. Saudafjorden er ikkje lenger ein av dei mest forureina stadane i landet, og det er nå gjeve klart signal på å ete fisk, blåskjel og annan sjømat som står i fjorden. Fjorden vart òg nytta som søppelfylling fram til 1970-talet. Det finst ikkje liv på havbotn lenger inn enn 4-5 km frå utsleppsstadane, og det livet som er å finne, er avgrensa frå 0 til 30 meters djup.