Saudi Aramco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Saudi Arabian Oil Company)

Saudi Aramco (arabisk: أرامكو السعودية) er statsoljeselskapet i Saudi-Arabia. Det heitte tidlegare Aramco som tyder the Arabian American Oil Company. Det er utan samanlikning det største oljeselskapet i verda, både når det gjeld produksjon og påviste reservar. Det produserer no ca. 8 millionar fat dagleg ut av ein estimert maksproduksjon på 10 mill. fat dagleg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Aramco vart starta i 1933 som følgje av ein konsesjonsavtale mellom regjeringen i Saudi Arabia og Standard Oil of California (Socal). Saudi-Arabia tok full kontroll over selskapet i 1980 og bytte så namn frå Aramco til Saudi Aramco i 1988.