Saue i Estland
Utsjånad
Saue | |||
by | |||
|
|||
Land | Estland | ||
---|---|---|---|
Fylke | Harju maakond | ||
Areal | 4,39 km² | ||
Folketal | 6 227 (1. januar 2024)[1] | ||
Saue i Estland 59°19′23″N 24°33′44″E / 59.323055555556°N 24.562222222222°E | |||
Wikimedia Commons: Saue |
Saue er ein by og ein kommune i Harju maakond, nordvest i Estland.
Saue dekkjer eit område på 3,5 km² og har om lag 5500 innbyggjarar. Dei næraste byane er Tallinn (18 km), Keila (7 km), Saku (7 km) og Laagri (7 km).
Saue ligg fint plassert i forhold til Tallinn, hovudstaden i Estland. Fleire moderat velståande folk har busett seg i den meir landlege Saue, og pendlar inn til hovudstaden der dei har arbeid.
93 % av innbyggjarane i Saue er etniske estlendingar.
Saue har ein stasjon langs jernbanelinja Elektriraudtee.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://andmed.stat.ee/en/stat/rahvastik__rahvastikunaitajad-ja-koosseis__rahvaarv-ja-rahvastiku-koosseis/RV0240; vitjingsdato: 20. juli 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Saue» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2009.