Sauland kyrkje
Utsjånad
| Sauland kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Agder og Telemark | ||
| Prosti | Øvre Telemark | ||
| Sokn | Sauland | ||
| Fellesråd | Hjartdal | ||
| Type | Krosskyrkje | ||
| Arkitekt | Christian H. Grosch | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 23. september 1859 | ||
| • Endringar | M.a. 1938–39, 1974, 1988, 2007–09 | ||
| Klokker | 2 (frå mellomalderen) | ||
| Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
| Preikestol | Evangelistbilete måla av Finn Emanuel Olsen 1974 | ||
| Altartavle | Ramme 1859, bilete måla 1974 av Finn Emanuel Olsen | ||
| Orgel | J.E. Spigseth, 1977 | ||
| Sitjeplassar | 250 | ||
| Diverse | Gipskopi av Bertel Thorvaldsens kristusstatue 1907 | ||
![]() Sauland kyrkje 59°37′14″N 8°55′41″E / 59.62055806°N 8.92813°E | |||
| Wikimedia Commons: Sauland kirke | |||
Sauland kyrkje er ei krosskyrkje i Hjartdal kommune i Telemark.
Kyrkja vart innvigd i 1859, men vart ikkje heilt ferdig før i 1863. Ei stavkyrkje frå mellomalderen vart riven i 1860. Det finst ein portalvange frå stavkyrkja i Oldsaksamlinga i Oslo.
Sjølv om Sauland kyrkje strengt tatt er ei krosskyrkje, er tverrarmane nokså korte, og kyrkja vert ofte omtala som langkyrkje[1] Tverrarmane er møblert med vanlege stolar, medan hovudskipet har tradisjonelle kyrkjebenkar. I 1974 vart kyrkja dekorert av Finn Emanuel Olsen. Kyrkja vart fargeretaurert innvendig til jubileet i 2009.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Arven nr. 5/2009[daud lenkje] (kyrkjelydsbladet for Hjartdal ved jubileet i 2009)
- Arne Hardang: Kyrkje- og prestesoge for Hjartdal (Buen kulturverkstad, 1994; nå på Bokhylla.no)
- Henriksveen, Herman, red. (1986). «Sauland kyrkje». Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 130-131. ISBN 82-90695-00-4.
- Kyrkjesøk
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Til og med på Kyrkjesøk.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 491. ISBN 82-7527-022-7.
- Sauland kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Denne kyrkjeartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
