Saunders Island i Sør-Sandwichøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 57°47′S 26°27′W
Saunders Island
øy
Saunders Island ASTER.jpg
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Koordinatar 57°47′S 26°27′W
Høgaste punkt Mount Michael
 - høgd 990 moh
Lengd 8,8 km
Folketal Ingen
Øygruppe Sør-Sandwichøyane
Plasseringa til Saunders Island
Plasseringa til Saunders Island

Saunders Island er ei halvmåne forma øy som ligg mellom Candlemas Island og Montagu Island i Sør-Sandwichøyane, som høyrer til Storbritannia. Ho er ei vulkansk øy og består av ein aktiv stratovulkan, den 990 meter høge Mount Michael. Vulkanen hadde eit eksplosivt utbrot i 1819 og har hatt fleire utbrot mellom 2000 og 2005. Det 700 meter breie krateret på toppen har mogelegeins ein aktiv lavasjø, ein av få i verda.

Saunders Island vart oppdaga i 1775 av kaptein James Cook, som kalla ho opp etter Sir Charles Saunders, som var marineminister. Ho vart kartlagd i større detalj av Bellingshausen i 1819 og i 1930 av Discovery Investigations på «Discovery II».


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]