Hopp til innhald

Save Your Kisses for Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Save Your Kisses for Me»
Song av Brotherhood of Man

Land Storbritannia
Språk Engelsk
Utgjeve 1976
Sjanger Pop, slager
Lengd 03:06
Selskap Pye[1]
Låtskrivar(ar) Tony Hiller, Lee Sheriden og Martin Lee
Produsent Tony Hiller

«Save Your Kisses for Me» ('spar kyssa dine til meg') er ein britisk popsong som vann Eurovision Song Contest 1976 for Storbritannia. Songen blei framført av gruppa Brotherhood of Man og var skriven av Tony Hiller, Lee Sheriden og Martin Lee. Dei to sistnemnde var også medlemmar av gruppa. Songen blei ein enorm salssuksess verda over og toppa hitlistene i ei rekkje land, inkludert Noreg. I Storbritannia blei han også årets mest selde singel og er framleis eit av de mestseljande Eurovision-bidraga gjennom historia.[2][3]

Teksta[endre | endre wikiteksten]

Teksta handlar om ein ung mann som slit med å forlate sin kjære når han skal dra på jobb om morgonen. Han ber ho spare alle kyssa sine til han er heime igjen.

På slutten av teksta kjem overraskinga: Hans kjære er hans tre år gamle barn. Derav sluttstrofa: «Won't you save them for me, even though you're only three?».[4]

Opphavet til songen[endre | endre wikiteksten]

«Save Your Kisses for Me» blei opphavleg skriven av medlemmen Lee Sheriden i august 1974. Då han presenterte songen for resten av gruppa, meinte dei at tittelen var klossete og skreiv han om til «Oceans of Love». Sheriden likte ikkje endringane, og han la difor songen bort.

Året etter mangla gruppa ein song til sitt neste album, og då tok Sheriden fram igjen «Save Your Kisses for Me».[5] Denne gongen fall songen i smak hos resten av gruppa. Under eit intervju over 30 år seinare, fortalde Sheriden meir om innspelinga:

«Eg visste nøyaktig kva jeg ville gjere med arrangementet: Klokkespelet i byrjinga og den store tolvstrengars akustiske gitaren og strykarane. Så kom dagen då vi skulle spele inn songen. Det var rundt midnatt, og eg song han, og det gjekk bra. Eg kunne sjå at alle bak glaspanelet blei begeistra, og eg tenkte «Flott. Dei likar verkeleg songen». Idet eg var ferdig, venta eg berre på at dei skulle si: «Fantastisk, vi har ein hit» eller noko. Men personen som trykka ned høgtalarknappen, sa: «Lee, vi synest Martin skulle syngje den songen». Men eg brydde meg ikkje om det, for Martin kom inn og perfeksjonerte han.»[5]

Brotherhood of Man under prøvene før Eurovision Song Contest i 1976.

Manager Tony Hiller ivra for at gruppa skulle prøve seg i Eurovision Song Contest med songen, noko dei også gjorde. Songen blei plukka ut til å delta i den britiske finalen, A Song for Europe, 25. februar 1976. Der vann «Save Your Kisses for Me» ein knapp siger og blei Storbritannia sitt bidrag til Eurovision Song Contest 1976 i Haag.[6]

«Save Your Kisses for Me» blei gjeven ut på singelen Pye 7N 45569 5. mars 1976, og han gjekk til topps på den britiske singellista to veker før finalen i Eurovision Song Contest. Produsent var Tony Hiller.

Siger i Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I Eurovision Song Contest laurdag 3. april 1976, var «Save Your Kisses for Me» det fyrste bidraget ut på scena av 18 bidrag. Kvartetten framførte songen med ein legendarisk bein- og handkoreografi og var iført kvite og svarte dressar med sleng, mens kvinnene hadde kvit og raud overall med sleng med matchande baskarluer.

Under avrøystinga tok Storbritannia raskt leiinga og enda til slutt opp med 164 poeng – som relativt sett framleis er den høgaste poengsummen i tevlinga. I snitt fekk songen 9,65 poeng frå kvart land, inkludert sju 12-poengarar, blant anna frå den norske jurygruppa.[7]

Brotherhood of Man med låtskrivar og manager Tony Hiller og dirigent Alyn Ainsworth etter sigeren i Eurovision Song Contest 3. april 1976.

Etter å ha vunne Eurovision Song Contest oppnådde songen raskt ein enorm popularitet og toppa singellistene i mange land i Europa. Totalt selde singelen nærare seks millionar eksemplar, eit av dei høgaste salstala for ein singel nokosinne.[8] I Storbritannia blei han sertifisert til platina av British Phonographic Industries.[9]

Eurovision Song Contest 50 år[endre | endre wikiteksten]

I 2005 blei «Save Your Kisses for Me» plukka ut til å delta i jubileumsshowet til Eurovision Song Contest i København i oktober 2005. Songen var ein av 14 tidlegare Eurovision-songar som deltok i feiringa av 50-årsjubileet til tevlinga. Under sendinga var Brotherhood of Man på plass i København og song songen.

I avrøystinga kom «Save Your Kisses for Me» på ein femteplass og blei dimed den femte mest populære Eurovision-låten frå dei 50 første åra av Eurovision Song Contest. Resultatet blei avgjort av 2,5 millionar telefonrøyster som blei ringt inn frå sjåarar over heile Europa.[10]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste Høgaste
plassering
Veker
på lista
Dato for
inntreden
 Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[11] 3 16 15. mai 1976
 Belgia, Flandern (BRT Top 30)[12] 1 12 10. april 1976
 Danmark (Top 20)[13] 1 7 Veke 15 1976
 Frankrike (IFOP)[14] 1 25 26. februar 1976
 Irland (Irish Singles Chart)[15] 1 11 18. mars 1976
 Italia (Hit Parade Italia)[16] 41 1976
 Nederland (Nationale Top 30)[17] 1 9 27. mars 1976
 New Zealand (Listener)[18] 9 13 7. mai 1976
 Noreg (VG-lista)[19] 1 19 Veke 15 1976
 Spania (SER/PROMUSICAE)[20] 1 21 25. april 1976
 Storbritannia (UK Singles Chart)[21] 1 16 13. mars 1976
 Sveits (Schweizer Hitparade)[22] 2 15 9. april 1976
 Sverige (Sverigetopplistan)[23] 6 9 12. april 1976
Flagget til Sør-Afrika Sør-Afrika (Springbok Radio/Radio Orion)[24] 4 12 21. mai 1976
 USA (Billboard Adult Contemporary)[25][26][27] 1 11 8. mai 1976
 USA (Billboard Hot 100)[28] 27 11 8. mai 1976
 Vest-Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[29] 2 21 26. april 1976

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Brotherhood Of Man ‎– Save Your Kisses For Me». discogs.com. Henta 19. februar 2017. 
  2. Phillpot, Clive; Tarsia, Andrea; Archer, Michael; Brooks, Rosetta (2000). Live in Your Head: Concept and Experiment in Britain, 1965–75. Whitechapel Art Gallery. 
  3. Ami Sedghi (4. november 2012). «UK's million-selling singles: the full list». Guardian. Henta 4. november 2012. 
  4. «Save Your Kisses for Me – lyrics». The Diggiloo Thrush. Henta 19. februar 2017. 
  5. 5,0 5,1 Lee Sheriden snakka om opphavet til songen på scenen 23. mars 2007 i Becon Theatre i Beaconsfield
  6. «A Song For Europe 1976 1977». www.songs4europe.com. Arkivert frå originalen 16. august 2012. Henta 19. februar 2017. 
  7. «Eurovision Song Contest 1976 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 19. februar 2017. 
  8. «Save your kisses for me – Brotherhood of Man». Simply Pop Music. Henta 19. februar 2017. 
  9. «www.bpi.co.uk». www.bpi.co.uk. Henta 19. februar 2017. 
  10. «Congratulations Show». eurovision.tv. Henta 19. februar 2017. 
  11. Hung, Steffen. «Brotherhood Of Man - Save Your Kisses For Me». austriancharts.at. Henta 19. februar 2017. 
  12. «Save Your Kisses for Me – Ultratop». ultratop.be. Henta 19. februar 2017. 
  13. «Save Your Kisses for Me – Top 20». danskehitlister.dk. Henta 19. februar 2017. 
  14. «Oversikt over artister på B (søk 'Save Your Kisses for Me')». InfoDisc.fr. Henta 19. februar 2017. 
  15. http://www.fireballmedia.ie, Jaclyn Ward - Fireball Media Group -. «The Irish Charts - All there is to know». www.irishcharts.ie. Henta 19. februar 2017. 
  16. «Hit Parade Italia - Indice per Anno: 1976». www.hitparadeitalia.it. Henta 19. februar 2017. 
  17. Hung, Steffen. «Brotherhood Of Man - Save Your Kisses For Me». hitparade.ch. Henta 19. februar 2017. 
  18. Hung, Steffen. «charts.org.nz - Brotherhood Of Man - Save Your Kisses For Me». charts.org.nz. Arkivert frå originalen 20. mai 2017. Henta 19. februar 2017. 
  19. «VG-lista for 'Save Your Kisses for Me'». VG Nett. Henta 19. februar 2017. 
  20. «Brotherhood of Man – Superventas». Listas De Superventas. 12. februar 2010. Arkivert frå originalen 19. februar 2017. 
  21. «Save Your Kisses for Me – chart history». Official Charts Company. Henta 19. februar 2017. 
  22. Hung, Steffen. «Brotherhood Of Man - Save Your Kisses For Me - hitparade.ch». www.hitparade.ch. Henta 19. februar 2017. 
  23. «Brotherhood of Man – Save Your Kisses for Me (låt)». hitparad.se. Henta 19. februar 2017. 
  24. Currin, Brian. «South African Rock Lists Website - SA Charts 1965 - 1989 Acts (B)». www.rock.co.za. Henta 19. februar 2017. 
  25. «Brotherhood of Man | Biography, Albums, Streaming Links | AllMusic». AllMusic. Henta 19. februar 2017. 
  26. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961–2001. Record Research. s. 40. 
  27. «Brotherhood of Man Save Your Kisses For Me Chart History». Billboard. Henta 21. februar 2019. 
  28. «The Hot 100 – Week of July 10, 1976». Billboard.com. Henta 19. februar 2017. 
  29. «Offisiell tysk singelliste (skriv 'Brotherhood of Man' i søkefeltet)». Deutsche Offizielle Charts. Henta 19. februar 2017.